Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Life on the Frontlines of American Diplomacy

USA og Nord-Korea står på kanten av konflikt. Men kva er eigentleg Nord-Koreas mål? Ønskjer dei ein ny avtale med verdssamfunnet? Vi får besøk av ambassadør Christopher R. Hill, som var ansvarleg for framforhandlinga av den førre atomavtalen med Nord-Korea.
04 mai 2017
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Europa
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Engelsk

Vi veit enno ikkje korleis Trumps nye utenrikspolitkk vil arte seg, men det er ingen tvil om at han vil setje sitt preg på verda. Vi har gleda av å ønskje ein av USAs toppdiplomatar velkommen. Ambassadør Christopher R. Hill deler erfaringane sine frå innsida av det amerikanske politiske systemet.

Seminaret tar utgangspunkt i Hill's bok «Outpost». Hill vil dele erfaringane sine som amerikansk diplomat og gi perspektiv på amerikansk diplomati og utanrikspolitikk, og USAs rolle i viktige geopolitiske problem i dag . Hill spelte også ei sentral rolle i den nordkoreanske atomavtalen, og han kjem til å dele erfaringane sine rundt denne prosessen.

Ambassadør Christopher Robert Hill har sidan september 2010 vore dekan ved Josef Korbel School of International Studies ved University of Denver. I tillegg er han forfattar av boka “Outpost: Life on the Frontlines of American Diplomacy: A Memoir”, spaltist hos Project Syndicate, ein ettertrakta forelesar og ei viktig stemme i media rundt internasjonale spørsmål.

Christoffer R. Hill har vore ambassadør fire gonger og blitt nominerte av tre presidentar. Hans siste post var som ambassadør i Irak. Før dette var han Assistant Secretary for State for East Asian and Pacific Affairs, der han også var leiar for den amerikanske delegasjonen til Six Party Talks for den nordkoreanske atomavtalen. I tillegg til Irak har Hill vore ambassadør I Polen, Makedonia og spesialutsending til Kosovo. Han har også fungert som Special Assistant til presidenten og seniordirektør frå dei tilsette ved National Security Council.

Han har ein BA i økonomi frå Bowdoin College, Brunswick, og ein MA frå Naval War College. Ambassadør Hill snakkar flytande polsk, serbokroatisk og makedonsk.

Arrangementet vil bli styrt av direktør på NUPI, Ulf Sverdrup.

Sjå strøyming frå YouTube-kanalen vår her:

Taler

Ambassador Christopher Robert Hill
Dean of the Josef Korbel School of International Studies at The University of Denver

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
04 mai 2017
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Europa
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Engelsk