Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Nord-Korea og USA: ein konflikt i svart og kvitt?

Saman med Asianettverket inviterer NUPI til foredrag om ‘Doomsday Clock' og trusselen om ein global atomkrig.
27 november 2017
15:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Konflikt
  • Engelsk

Sidan 1947 har Bulletin of the Atomic Scientists' Science and Security Board snakka om ‘Doomsday Clock' – dommedagsklokka – som er ein analogi for trusselen om global atomkrig. Den hypotetiske globale katastrofen er "midnatt". Det opphavlege "klokkeslettet" i 1947 var sju minutt til midnatt.

70 år seinare står klokka på to og eit halvt minutt på midnatt på grunn av president Donald Trumps kommentarar om Nord-Korea, Russland og atomvåpen. Dette er klokkas nest næraste nivå til midnatt sidan ho blei introdusert.

Den pågåande og stadig meir alvorlege konflikten på den koreanske halvøya er kompleks. Den involverer minst seks direkte ramma land som har antagonistiske ideologiar, og ulike politiske og økonomiske system. Den inkluderer dei to stormaktene i verda, ein på kvar side av avgrensingslinja. Dessutan er det ein konflikt med røter i den koloniale fortida, påverka av avgjerder frå dei sigrande kreftene etter andre verdskrigen, utan omsyn til koreansk vilje. Vidare er Nord-, og Sør-Korea brunne barn av ein fullverdig krig som enda med våpenskjold og eit delt land, men ingen fredsavtale.

Dei fleste kjenner konflikten frå mediedekning. Nyansar er knappe råvarer, bakgrunnsinformasjon er sjeldan presentert, men likevel får Korea-konflikten stor plass i utanlandske nyheiter. Dermed veit alle om konflikten, og har ofte ei meining om dette og om partane.

Til å snakke om dette kjem Geir Helgesen til NUPI. Han er direktør ved Nordic Institute of Asian Studies (NIAS) og har blant anna forska på kulturell sosiologi, Korea og Aust-Asia og samanliknande politikk. Presentasjonen vil utfordre det forenkla medieskapte biletet og fokusere på problem som ofte blir ignorerte, eller feilaktig blir tilskrivne lita betydning. Målet er å peike på moglege løysingar og samtidig flotne visaren på The Doomsday Clock på rett måte: bakover.

Kommentarar vil bli gitt av to NUPI-forskarar. Sverre Lodgaard som er ekspert på geopolitikk, Midtausten, iransk utanrikspolitikk, atomkraftkontroll og -nedrusting og atomprogramma til Iran og Nord-Korea. Bjørnar Sverdrup-Thygeson som for tida jobbar med forsking på EU-Kina-relasjonar og utanrikspolitikken i dei nordiske landa overfor Kina.

Ordstyrar er Kenneth Bo Nielsen, nettverkskoordinator for Asianettverket, UiO.

Ordstyrer

Kenneth Bo Nielsen
forsker og nettverkskoordinator, Asianettverket, UiO
27 november 2017
15:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Konflikt
  • Engelsk