Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Xi Jinping's Kina – korleis ser framtida ut?

Den kinesiske presidenten har no starta på sin andre periode ved makta. Kva er dei økonomiske framtidsutsiktene for landet? Og korleis oppfattar Japan naboen sin?
26 november 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Asia
  • Engelsk

Den kinesiske presidenten Xi Jinping og administrasjonen hans har no starta på sin andre periode ved makta, med ein tilsynelatande meir sentralisert og styrkt maktposisjon. President Xi har også nyleg vedtatt fleire viktige utanrikspolitiske endringar, noko som tyder på at han har fått meir makt enn forgjengaren sin. Den økonomiske politikken hans har likevel bevega seg mellom ulike tankeretningar internt i partiet.

På dette arrangementet vil Toshiya Tsugami presentere politiske observasjonar av Xi Jinpings andre periode, og ein analyse av framtidsutsiktene til den kinesiske økonomien. Tsugami vil også snakke om håp og bekymring over Kinas utanrikspolitikk, sett frå naboens – Japans - synspunkt.

Toshiya Tsugami er president i Tsugami Workshop Ltd., eit uavhengig kinesisk bedriftsrådgivingsfirma. Han har utdanning frå University of Tokyo (Faculty of Law), arbeidd i Japans økonomi-, handels- og industridepartement (METI) og observert Kinas WTO-forhandlingar. Han har også vore økonomisk rådgivar på ambassaden i Beijing og METIs direktør for Nordaust-Asia.

Tsugami har til dags dato skrive seks bøker. Den første, "China's Rise", vann Suntory Prize for samfunnsvitskap og humaniora i 2003.

Opponent til Tsugami er NUPI-forskar Bjørnar Sverdrup-Thygeson. Han har blant anna forska på verknadene av Liu Xiaobo's fredspris på norsk-kinesiske handelsrelasjonar, og korleis Kina nyttar seg av økonomiske verkemiddel som utanrikspolitisk verktøy.

Ordstyrar er NUPI-forskar Wrenn Yennie Lindgren.

Talere

Toshiya Tsugami
President, Tsugami Workshop Ltd
Bjørnar Sverdrup-Thygeson
Seniorforsker
26 november 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Asia
  • Engelsk