Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Boklansering: Skatt i Afrika – tvinga, reform og utvikling

'Taxing Africa' ser nærare på debattane rundt skatt og utvikling i Afrika. Kva er dei største utfordringane, og er det moglegheiter for reform?
06 november 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Engelsk

Skatt denner grunnlaget for den sosiale kontrakten mellom statar og borgarar, og det er sentralt i prosessane for statsbygging og ansvarleg styring. Det er også avgjerande for auka eigenkapital og for finansieringa av berekraftig utvikling.

Boka Taxing Africa: Coercion, Reform and Developmentgir ein omfattande og god introduksjon til dei viktige debattane om skatt og utvikling i Afrika. Boka er skrive av leiande internasjonale ekspertar, og ho undersøkjer ulike problem som skattesvik frå multinasjonale selskap og afrikanske elitar, og korleis vanlege menneske tar omsyn til "uformell" lokalskattlegging. I tillegg til å sjå på utfordringane over, undersøkjer boka også potensialet for reform.

7. november blir det boklansering på NUPI for Taxing Africa. Redaktørane Odd-Helge Fjeldstad, Wilson Prichard og Mick Moore skal snakke om dei viktigaste punkta i boka, og Arvinn Gadgil leier arrangementet. Boklanseringa er ein del av konferansen The New Politics of Development: Fragility, Taxation and State-building.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:



Odd-Helge Fjeldstad har PhD i økonomi frå Handelshøyskolen. Han har publisert både vitskapleg og politisk orientert om skattereform, inntektsadministrasjon, kommunalskattlegging, skatteoverhalding og unntak, finanspolitisk korrupsjon og kapitalflyt. Han har også vore direktør for store program for tverrfagleg forskings- og kapasitetsbygging.

Mick Moore er professor ved Institute for Development Studies (IDs). Han har PhD i politisk økonomi og har gjort omfattande feltarbeid i Asia og Afrika, spesielt på Sri Lanka, og i Taiwan og India. Han har også undervist på Massachusetts Institute of Technology. Moores forskingsinteresser omfattar blant anna innanlandske og internasjonale dimensjonar av god og dårleg styring i fattige land. Han fokuserer spesielt på skatt og styring, og han er grunnleggjar og direktør ved International Center for Tax and Development (ICTD).

Wilson Prichards forsking fokuserer på forholdet mellom skatt og borgarars krav til betre styring i Afrika sør for Sahara. Pridchard er ein av forskingsdirektørane ved International Centre for Tax and Development (ICTD). Forskinga hans har tidlegare fokusert på politisk økonomi i Afrika sør for Sahara, inkludert utanlandske investeringar, formulering av økonomisk politikk og handelsliberalisering, og han har jobba i fleire land i Afrika.

Deltakere

Odd-Helge Fjeldstad
Forsker 1, Christian Michelsen Institute
Mick Moore
Professor, Institute for Development Studies (IDS)
Wilson Prichard
Joint Research Director, International Centre for Tax and Development (ICTD)

Ordstyrer

Arvinn Gadgil
Seniorrådgiver, Utenriksdepartementet
06 november 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Engelsk