Arktis har lenge blitt sett på som ein region prega av internasjonalt samarbeid på både multilateralt og bilaterale nivå. Sjølv om forholdet mellom Russland og Vesten har blitt kraftig forverra etter krisa i Ukraina, meinte mange at arktisk samarbeid i stor grad kunne halde fram med å vere urørt.
Korleis påverkar dei forverra relasjonane mellom Vesten og Russland samarbeidet i Arktis? Vil samarbeidet også denne gongen kunne skjermast, eller går vi mot ei politisk nedkjøling i nord? Dette er nokre av spørsmåla som skal diskuterast på NUPIs årlege Russlandskonferanse, som i år blir halde 14. september på Litteraturhuset i Oslo.
På konferansen blir det også presenterte resultat frå det NFR-finansierte CANARCT-prosjektet, som har hatt som mål å kartleggje korleis dynamikken i forholdet mellom Russland og Vesten i kjølvatnet av Ukraina-konflikten påverkar samarbeidet mellom Russland og andre aktørar i Arktis.