Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Amerikansk cyberstrategi og offensive operasjonar

Korleis ønskjer det amerikanske cyberforsvaret å posisjonere seg i cyberspace?
31 oktober 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

Den nye visjonen til USAs cyberforsvar og det amerikanske forsvarsdepartementets cyberstrategi for 2018 ser ut til å spegle ei grunnleggjande endring i strategisk tenking.

Det amerikanske cyberforsvaret har ein tanke om å halde oppe kontroll gjennom «kontinuerleg nærvær» og eit proaktivt forsvar. Presentasjonen vil analysere effektiviteten av den nye cyberstrategien og implikasjonar han kan ha for allierte.

Korleis søkjar amerikansk cyberforsvar å utføre aktivitetar i cyberspace? Vil strategien føre til ei aukande spenning i cyberspace og i verda? Kan ho undergrave tillit mellom allierte?

Dette skal Max Smeets sjå nærare på når han gjestar NUPI den 1. november. Ordstyrar er seniorforskar og leiar for forskingsgruppa for tryggleik og forsvar på NUPI, Karsten Friis.

Dr. Max Smeets er seniorforskar ved Center for Security Studies (CSs), ved ETH Zürich. Han er også tilknytta Stanford University Center for International Security and Cooperation og han er forskar ved Centre for Technology and Global Affairs på University of Oxford.

Taler

Max Smeets
Seniorforsker, Center for Security Studies (CSS)
31 oktober 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Nord-Amerika
  • Engelsk