Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Dei interne bremsene for valdseskalering: Når ekstremistar vel å ikkje bruke vald

Trass i auka forsking på valdseskalering i ekstreme grupper, finst det framleis ingen gode svar på kvifor desse gruppene nokre gonger vel å ikkje bruke vald sjølv om dei har høve til det.
21 mai 2019
09:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Auditorium 2, Eilert Sundts hus, Universitetet i Oslo
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Opprørsgrupper
  • Engelsk

REGISTRER DEG HER.

Dei siste to tiåra har det vore ein drastisk auke i forskinga på valdseskalering eller «valdeleg radikalisering» i og blant ekstreme grupper og aktørar. Ein har også sett auka forskingsinteresse for de-eskalerings- og de-radikaliseringsprosesser. Likevel kan ikkje den eksisterande forskinga forklare tilfelle av ikkje-eskalering eller avgrensa bruk av vald. Kvifor vel nokon ekstremistar og ekstremistgrupper å la vere å ty til vald, eller å avgrense valdsbruken? Og kvifor er det sånn, sjølv i dei svært valdelege gruppene, at det ofte er ein terskel for valdsbruk som medlemmene sjeldan kryssar, sjølv om dei tilsynelatande har høvet til å gjere det?

Under dette seminaret skal Joel Busher diskutere ein sentral del av svaret på desse spørsmåla: Mekanismane som medlemmer av gruppene sjølv bidrar til å etablere og halde oppe for grenser for eigen valdsbruk – det ein refererer til som «interne bremser» for valdeleg eskalering. Ved å sjå på tre vidt ulike casestudiar – det transnasjonale og britiske jihadistmiljøet frå 2005 til 2006, den britiske høgreekstremist-rørsla på 90-talet, og dyrerettsrørsla i Storbritannia frå midten av 70-talet og fram til tidleg 2000-tal – kan ein identifisere fem sett med «bremser», og vidare vise korleis desse bremsane fungerer og nokre gonger feilar.

Det Busher skal snakke om kan vere interessant for både forskarar, analytikarar, avgjerdstakarar og praktikarar. Det gir eit sett med konsept så ein betre kan vurdere og forstå mønstre av politisk vald, og korleis intervensjonar som skal hemme politisk vald kan fungere i praksis.

Seminaret blir arrangert av C-REX ved UiO, i samarbeid med Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Taler

Joel Busher
Senior Research Fellow, Centre for Trust, Peace and Social Relations (CTPSR), Coventry University
21 mai 2019
09:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Auditorium 2, Eilert Sundts hus, Universitetet i Oslo
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Opprørsgrupper
  • Engelsk