Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Frå Nord-Korea til Balkan og Irak – Korleis forhandle når tilliten er låg?

Christopher R. Hill var sjefsforhandlaren til amerikanarane då USA forhandla med Nord-Korea i 2005. Han er ein av USAs mest framståande ambassadørar, og blant anna til Irak, og forhandla i nokre av vår tids mest anstrengde konfliktar. Korleis forhandle mellom statar når tilliten er låg, og både innsatsen og spenninga høg? Det skal Hill snakke om når han gjestar NUPI.
13 mai 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk

Vi serverer frukost frå 08.30!

Internasjonalt diplomati kan vere ein vanskeleg affære, noko dei avbrotne samtalane om Nord-Koreas atomprogram er eit godt døme på. Sjølv der det er eit visst nivå av tillit, kan diplomatiske kompromiss vise seg å vere vanskeleg. Korleis forhandlar ein når tilliten er låg, og både innsatsen og spenninga er høg?

På seminaret 14. mai skal ambassadør Christopher Hill snakke om diplomati under krevjande forhold.  Frå krigane på Balkan, til brutaliteten i Nord-Korea, og den endelause krigen i Irak, vil Hill gi eit innblikk i kvardagen som amerikansk diplomat som forhandla med vanskelege partnarar. Hill deler erfaringa si som toppdiplomat. Han har blant anna har vore med på viktige forhandlingar med Nord-Korea, Irak og på Balkan. Han vil også snakke om visjonen sin for rolla diplomatiet bør spele i handteringa av nasjonale kriser, og dessutan USAs rolle i global politikk.

Dette er ein del av ein seminarserie i samband med at NUPI i 2019 feirar 60 år. Tidlegare arrangement i denne serien: NUPI 60 år – Lille land, kva no?

Seminaret blir leidd av NUPI-direktør Ulf Sverdrup og blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:



Chris Hill er ein av USAs mest framståande ambassadørar. Han har blitt utnemnd av tre presidentar og hans siste post var som ambassadør i Irak frå april 2009 til august 2010. Før dette var Hill assisterande statssekretær for Aust-Asia og Stillehavet frå 2005 til 2009, der han også var leiar av den amerikanske delegasjonen i sekspartssamtalar om det nordkoreanske kjerneproblemet. Tidlegare har han vore den amerikanske ambassadøren til Sør-Korea (2004-05), Polen (2000-04), Republikken Makedonia (1996-99) og spesialutsending til Kosovo (1998-99). Han er akkurat no sjefsrådgivar for kanslar for globalt engasjement, og professor i diplomati ved University of Denver.

Christopher R. Hill var sjefsforhandlaren til amerikanarane då USA forhandla med Nord-Korea i 2005. Han er ein av USAs mest framståande ambassadørar, og blant anna til Irak, og forhandla i nokre av vår tids mest anstrengde konfliktar. Korleis forhandle mellom statar når tilliten er låg, og både innsatsen og spenninga høg? Det skal Hill snakke om når han gjestar NUPI 14. mai.

Taler

Ambassador Christopher Robert Hill
Dean of the Josef Korbel School of International Studies at The University of Denver

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
13 mai 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk