Framvekst av nasjonalistiske stemmer, Brexit, opptøyar i Frankrike, populistisk regjering i Italia. Europa lid under aukande mistillit, og mange hevdar at vi igjen er inne i ei europeisk krise. Migrasjonsflaum og økonomisk nedgang har slite på fellesskapskjensla, og store globale utfordringar pregar også horisonten. Framtida kan sjå dystar ut.

Alle ønskjer å løyse desse problema, men ingen land kan gjere det åleine. Samtidig er det varierande oppslutning om felles europeiske løysingar. Midt oppi dette sit Noreg, som EØS-land, både innanfor og utanfor EU-fellesskapet. Kva utsikter har vi? Bør Noreg engasjere seg meir i EU-samarbeidet enn i dag? Kva rolle skal Noreg spele i arbeidet med å løyse dei mange utfordringane Europa står overfor?

2019 markerer 25-årets til EØS-avtalen jubileum. Nordmenn fødd i 1994 eller seinare har aldri levd utan denne avtalen og var heller ikkje med å bestemme at vi inngjekk han. Avtalen regulerer svært mykje av Noregs forhold til EU. Alt frå dataroaming og sydenturar til arbeid, handel og tryggleik. "Generasjon EØS" skal arve både avtalen og dei store utfordringane vi og resten av Europa  står overfor. Men kva tenkjer dei om Noregs rolle i Europa i åra som kjem, om kva som er viktig, og om kven vi vil vere?

NUPI sparkar i gang det nye året på Kulturhuset 14. januar. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter Generasjon EØS til diskusjon om Noregs posisjon i Europa i tida som kjem.

Arrangementet blir direkte strøymd til NUPIs YouTube-kanal: