Russlandskonferansen er no fullteikna, men du er velkommen til å registrere deg til ventelista. Av erfaring vil det vere ledige sete i Wergeland-salen under heile eller deler av arrangementet, og for dei som evt. ikkje får plass her, vil vi strøyme arrangementet til Kjelleren i etasjen under.
Kryssingspunktet mellom identitet, utanrikspolitikk og internasjonale ambisjonar er tema for den årlege Russlandskonferansen. Vi har invitert nokre av dei leiande ekspertane i verda på temaet, og vi håpar å sjå så mange som mogleg på NUPIs 24. Russlandskonferanse.