Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Tyrkias Syria-politikk og flyktningspørsmålet

Korleis blir Tyrkias utanrikspolitikk til i det nye presidentstyret? Korleis verkar flyktningspørsmålet og Tyrkias Syria-strategi på kvarandre?
25 juni 2019
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Migrasjon
  • Engelsk

Under dette seminaret blir det presentert ny forsking på strukturar og avgjerdsprosessar for tyrkisk utanrikspolitikk under presidentstyret. Deltakarane skal diskutere Tyrkias strategi og taktiske avgjerder i Syria, og korleis dei balanserer mellom sine eigne og interessene til andre, som Russland og USA. I lys av den syriske flyktningsituasjonen, sett med tyrkiske auge, spør deltakarane følgjande: kva politikk har blitt brukt av tyrkiske styresmakter for å førebyggje nye bølgjer av flykninger frå Syria? Korleis ønskjer Tyrkia å integrere og/eller returnere syriske flyktningar som allereie er i Tyrkia?

Program:

Opning ved Siri Neset

Structures and decision-making processes of Turkish foreign policy, Mustafa Aydın og Siri Neset

Syria: the Turkish strategy - a balancing act, Metin Gurcan

Syrian refugees: The Turkish perspective, Hasret Dikici Bilgin

Paneldiskusjon med Mustafa Aydın, Metin Gurcan, Hasret Dikici Bilgin, Siri Neset og Arne Strand.

Seniorforskar på NUPI, Kjetil Selvik, leiar debatten

Avslutning ved Arne Strand

Etter arrangementet blir det servert ein lett lunsj. Seminaret blir arrangert i samarbeid med Christian Michelsens Institutt og Norwegian Centre for Humanitarian Studies.

Hasret Dikici Bilgin er førsteamanuensis og Vice Chair ved Department of International Relations Science, Istanbul Bilgi University. Ho forskar på politiske institusjonar (meir spesifikt pro-islamistiske parti), val i Midtausten og politiske elitar i Europa. Ho har også forska mykje på innanrikspolitikk i Tyrkia på saker som val og posisjonering av politiske parti og politikk.

Metin Gurcan (Episteme, Tyrkia) er statsvitar og tidlegare soldat i den tyrkiske spesialstyrken. Forskinga hans fokuserer på oppfatningar av ei endra krigføring, terrorisme, tyrkiske sivil-militære forhold, militærhistorie, og tyrkisk utanrikspolitikk. Gurcan er også spaltist for Al Monitor der han skriv om tryggingsrelaterte tema.

Mustafa Aydın er professor i internasjonale forhold ved Kadir Blir University hatt og president for International Relations Council of Turkey. Han forskar på internasjonal politikk, utanrikspolitiske analysar, geopolitikk, Tyrkia-Russland-forhold, tryggingssaker relater til Sentral-Asia, Kaukasus, Svartehavet og Midtausten, og tyrkisk utanriks- og tryggingspolitikk.

Kjetil Selvik er seniorforskar i Forskningsgruppen for fred, konflikt og utvikling. Han har sin ph.d. i statsvitskap frå Sciences Po i Paris og jobbar med kamp over statar og regime i Midtausten.

Siri Neset er ein politisk psykolog knytt til Christian Michelsens Institutt. Ho fokuserer på retorikk, persepsjonar, utanrikspolitiske avgjerdstakings-prosessar, og sambanda mellom politisk ideologi, makt og vald. Ho har sidan 2011 spesielt fokusert på Tyrkias innanriks- og utanrikspolitikk.

Arne Strand er direktør for U4 Anti-Corruption Resource Centre på Christian Michelsen Institutt. Han er statsvitar som forskar på fred, konflikt, bistand, Tyrkia og Afghanistan.

Deltakere

Siri Neset
Politisk psykolog, Christian Michelsens Insitutt (CMI)
Mustafa Aydin
Professor, Kadir Has University and President, International Relations Council of Turkey
Metin Gurcan
Episteme, Turkey
Hasret Dikici Bilgin
Assoc. Prof. and Vice Chair, Department of International Relations Science, Istanbul Bilgi University
Arne Strand
Direktør, U4 Anti-Corruption Resource Centre, Christian Michelsens Institutt (CMI)
Kjetil Selvik
Forsker 1 og leder for Forskningsgruppen for fred, konflikt og utvikling
25 juni 2019
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Migrasjon
  • Engelsk