Sidan konflikten i Ukraina i 2014, har mange spurde seg korleis Georgia skal klare å manøvrere sin posisjon som eit land som ønskjer tettare integrering i vestlege institusjonar samtidig som det grensar til Russland. I oktober er det parlamentsval i Georgia. Har det noko å seie kven som vinn valet? Korleis blir georgisk utanrikspolitikk forma? Og kva er moglegheitene i landet i utanrikspolitikken?

Bli med på diskusjonen når NUPIs Julie Wilhelmsen skal diskutere desse spørsmåla med Kornely Kakachia den 15. oktober.

Kornely Kakachia er professor i statsvitskap ved Ivane Javakhishvili Tbilisi State University, og direktør for tankesmia Georgian Institute of Politics i Tbilisi.

Dette webinaret er ein del av prosjektet GEOPATH.