Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

AUKUS og implikasjonar for Asia, forholdet mellom USA og Europa og ikkje-spreiing

Kva betyr det nye tryggingssamarbeidet mellom Australia, USA og Storbritannia - AUKUS - for tryggleik i Asia, forholdet mellom Kina og USA og forholdet mellom Europa og USA? Og kva med ikkje-spreiing?
12 oktober 2021
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream to Facebook and Youtube
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

AUKUS – det nye forsvarssamarbeidet mellom Australia, USA og Storbritannia – kan få store implikasjonar for den framtidige strategiske balansen i Asia, der både NATO og Europa har sterke interesser. Ved hjelp av teknologi frå USA og Storbritannia skal Australia ifølgje den nye avtalen skaffe atomdrivne ubåtar.

Då avtalen blei kjend, vekte den omgåande reaksjonar frå Kina, som oppfatta den som ein provokasjon, sjølv om Storbritannias statsminister Boris Johnson har uttalt at han ikkje er meint som eit fiendtleg trekk mot stormakta i aust. Men AUKUS har ikkje berre opprørt Kina, og avtalen har ikkje berre ein tryggingspolitisk dimensjon. AUKUS førte nemleg til at ein planlagd ubåtavtale mellom Frankrike og Australia blei skrinlagt. Fleire ekspertar har åtvara om potensialet AUKUS har for å skape splitting mellom Europa og USA.   

Kva betyr det nye forsvarssamarbeidet for tryggingslandskapet i Asia og stormaktsrivaliseringa mellom USA og Kina? Kva implikasjonar kan dette ha for forholdet mellom USA og Europa? Og kva utfordringar medfører dette i eit ikkje-spreiingsperspektiv? Det skal vi sjå nærare på 12. oktober.

Bruno Tertrais er Deputy Director for Fondation pour la Recherche Stratégique (FRS), ei leiande fransk tankesmie med fokus på internasjonal tryggleik. Ekspertisen hans inkluderer geopolitikk og internasjonale relasjonar, militær strategi, atomvåpen, avskrekking og ikkje-spreiing. Han er også ekspert på transatlantiske relasjonar, og dessutan tryggleik i Asia og Midtausten.

Program:

Innleiing av Sverre Lodgaard

Foredrag av Bruno Tertrais

Diskusjon og spørsmål

Hovedtalere

Sverre Lodgaard
Seniorforsker emeritus
Bruno Tertrais
Deputy Director of the Fondation pour la Recherche Stratégique

Møteleder

Henrik Stålhane Hiim
Tidligere ansatt
12 oktober 2021
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream to Facebook and Youtube
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt