Sjå heile webinaret her:
Terrororganisasjonar som IS, Hamas og Taliban har utnytta barn i årevis. Å "groome" den neste generasjonen er sett på som ein priotitet for terrorgruppene, for framtida til sikre organisasjonen. Vidare, er barn i konfliksoner spesielt sårbare fordi rekruttering kan skje innanfrå - medlemmer av barna sin eigen familie kan hjernevaske dei unge til å bli med i ein millitant organisasjon. Dette er utnytting og overgep mot barna.
På grunn av nokre tekniske utfordringar vil ikkje alle få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre, og kan delta på arrangementet.
Enkelte har referert til barn som deltar i terrorgrupper som ein 'tapt generasjon' eller 'tikkande bombar', men røyndommen er langt meir kompleks.
Dette seminaret ser nærare på korleis terrorgrupper jobbar for å rekruttere og utnytte barn. No som IS har tapt det territorielle kalifatet sitt, tar vi også opp det presserande spørsmålet om desse barna no bør hentast heim.
Seminaret blir arrangert av Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!
Hovudtalarar:
Mia Bloom er forskar på Internasjonal Sikkerhet ved New America Foundation, professor på Georgia State University, og medlem av Evidence Based Cyber Security på Andrew Young School of Policy Studies. Bloom har forska på Europa, Midtausten og Sør-Asia, og snakkar åtte ulike språk. Ho har skrive fleire bøker om valdeleg ekstremisme, inkludert Dying to Kill: The Allure of Suicide Terror (Columbia 2005), Living Together After Ethnic Killing (Routledge 2007), Bombshell: Women and Terror (UPenn 2011) og Small Arms: Children and Terror (Cornell 2019). Ho skal publisere to bøker seinare i år: Rettlei Threats: Women and Jihad (Brookings in October) og Pastels and Pedophile: Inside the Mind of QAnon med Sophia Moskalenko (Stanford i Juni). Bloom er tidlegare medlem av Council on Foreign Relations og har jobba ved Universitetene Princeton, Cornell, Harvard og McGill. Ho sit no i styret for Anti Defamation League, GIFCT: Global Internet Forum to Counter Terrorism, og FNs Counter Terrorism Executive Directorate (UNCTED). Bloom har ei doktorgrad i statsviteskap frå Univeristetet i Columbia, ei mastergrad in arabiske studiar frå Georgetown Universitet og ei bachelorgrad frå McGill i Russland, Islam og Midtøstenstudier.
Elisabeth Harnes jobbar på Ressursenter for vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest), som spesialkonsulent for Tvungen Migrasjon og Flyktninghelse, koordinator Radikalisering og Voldelig Ekstremisme, og Negativ Sosial Kontroll og Æresrelatert Vold. Harnes er også medlem av RVTS' nasjonale ekspertgruppe, og TOT Radikalisering - eit tverretatleg operativt team som jobbar med radikalisering i Bergen. Ho har brei erfaring i sosial- og terapeutisk arbeid frå fleire land. Ho har master i religionsstudiar og bachelor i interkulturell forståing og migrasjonspedagogikk. I tillegg er ho utdanna klinisk familieterapeut ved Høgskulen på Vestlandet.