I seinare tids hendingar, som den dårleg førebudde evakueringa av Afghanistan og dei hemmelege forhandlingane over australske ubåtar på bekostning av Frankrike, har vist eit USA som, i alle fall innimellom, framleis set «America first».

Dette står i kontrast til entusiasmen som var til stades i dei fleste europeiske hovudstadene etter at Joe Biden slo Trump i presidentvalet i fjor. Den gongen tenkte ein at ein kunne komme tilbake til ein slags «normal». Det blei til og med argumentert for at dette var eit høve til å styrkje dei transatlantiske banda.

Har desse draumane vist seg å vere ein illusjon?

Går USAs fokus på Asia på bekostning av Europa?

Til å diskutere desse spørsmåla har vi invitert ekspertar som er blant dei beste på internasjonal tryggleik: Rachel Ellehuus frå CSIS, François Heisbourg frå IISS og Rolf Tamnes frå NUPI.

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Karsten Friis.