Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kan koronapandemien føre til auka ekstremisme?

På dette webinaret ser vi nærare på konsekvensane av svekt tillit mellom folk og styresmakter under koronapandemien.
16 november 2021
16:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Pandemier
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Eit av dei mest framståande aspekta ved koronapandemien er svekt tillit mellom folk og styresmakter. Sjølv om dette ikkje er farleg i seg sjølv , er den fiendtlege retorikken, konspirasjonsteoriane og vald dette medfører av stor bekymring. I dette seminaret vil Teun van Dongen snakke om element av ekstremisme blant motstandarar av covid-19-restriksjonar. Han stiller spørsmål om koronapandemien fører til auka ekstremisme og klargjer ei sosial rørsle som treng ei grundigare forståing.

OBS: På grunn av ein teknisk feil vil du dessverre ikkje få ein stadfestingse-post ved påmelding. 

Webinaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet. 

Hovudtalar:

Teun van Dongen er seniorforskar og leiar for Current and Emerging Threats programmet ved International Centre for Counter-Terrorism (ICCT). Her leier han ICCT arbeidet sitt med å overvake, analysere og forske på ulike former for ekstremisme og terrorisme, inkludert ideologiar, strukturar og modus operandi for gruppene involvert. Dongen har tidlegare jobba som policy analytikar ved The Hauge Centre for Strategic Studies (HCSS) og som seniorforskar ved Verwey-Jonker instituttet. I tillegg har han forelese ved Leiden University, The Free University og Inholland Univeristy of Applied Science. Dongen skriv for akademiske tidsskrift, avisar og internasjonale magasin og utaler seg ofte i media om aktuelle hendingar innanfor sitt fagfelt. Han har ei doktorgrad frå Leiden University der han fordjupa seg i terrorismeførebygging. Han har gitt ut to bøker som omhandlar terroristars motivasjon og etterverknadene av terrorangrepet 11. september 2001. 

Møteleiar:

Eviane Leidig er forskar på "Current and Emerging Threats" ved International Centre for Counter-Terrorism (CCT) i Haag, Nederland. Forskinga hennar fokuserer på ytre høgre, kjønn og ekstremisme online. Ho er tilknytta Senter for ekstremismeforsking ved Uio (C-REX), og Global Network on Extremism and Technology, og var ein av grunnleggjarane av Centre for Analysis of the Radical Right. For meir informasjon sjå: evianeleidig.com.

Hovedtaler

Teun Van Dongen
Seniorforsker, ICCT

Møteleder

Eviane Leidig
Postdoktor, MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn
16 november 2021
16:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Pandemier
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital