Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kva er nytt i forholdet mellom EU og UK?

Handels- og samarbeidsavtalen mellom EU og UK blei underteikna 24. desember 2020, etter meir enn fire år med forhandlingar. Bli med på dette webinaret for å høyre meir om kva avtalen betyr for framtida, både for forholdet mellom EU og UK og verda utanfor.
03 mars 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft teams
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Sjå seminaret her:

Handels- og samarbeidsavtalen mellom EU og Storbritannia som blei underteikna 24. desember 2020 markerte slutten på meir enn fire års forhandling om Storbritannias utmelding frå EU og om vilkåra for eit nytt partnarskap. Med Storbritannias utgang av EUs indre marknad, tollunion og all EU-politikk frå 1. januar 2021, har store endringar tredd i kraft som påverkar offentleg forvaltning, bedrifter, borgarar og interessentar på begge sider. EU og Storbritannia dannar no to separate marknader og to ulike regulatoriske og juridiske rom, og gamle barrierar for handel med varer og tenester og for mobilitet og utveksling på tvers av landegrensene er tilbake etter å ha vore fråverande i fleire tiår.

På grunn av nokre tekniske utfordringar vil ikkje alle få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre, og kan delta på arrangementet.

Forhandlingane om Brexit er blant dei mest komplekse og omfattande forhandlingane EU har gjennomført. I dette webinaret vil Georg Riekeles sjå på EUs forhandlingsmål og korleis desse blir spegla i avtalen som no er inngått. Seminaret vil også vere eit høve til å reflektere over kva avtalen har å seie for framtida, både når det gjeld forholdet mellom EU og Storbritannia og for den vidare konteksten for dette forholdet.

Om Georg Riekeles:

Frå 2016 jobba Georg Riekeles som rådgivar for EUs sjefforhandlar Michel Barnier i forhandlingane med Storbritannia. Under utmeldingsforhandlingane hadde han ansvar for interinstitusjonelle anliggande, og seinare strategi og kommunikasjon. Tidlegare har Riekeles arbeidd med forsvars- og tryggingspolitikk i den interne tankesmia til kommisjonen European Political Strategy Center (EPSC), og i kabinettet til visepresidenten til kommisjonen med ansvar for den indre marknaden (2010-2014). Georg Riekeles har også jobba i det franske utanriksdepartementet og departementet for landbruk og fiskeri. Han har ei mastergrad i statsvitskap frå Sciences Po Paris, og studerte økonomi og filosofi ved London School of Economics.

Hovedtalere

Georg Riekeles
Former diplomatic adviser, Taskforce negotiations with UK, European Commission

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
03 mars 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft teams
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital