Hopp til innhold
NUPI skole
310322-frokostseminar.png

Arrangement

Frukostseminar: Den humanitære krisa i Ukraina – kva kan gjerast?

Den russiske invasjonen av Ukraina har ført til ei akutt humanitær krise. Korleis svarer Europa på denne situasjonen, og kva kan gjerast for desse menneska?
31 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Humanitære spørsmål
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

 

Fleire millionar menneske har flykta frå Ukraina, og endå fleire er internt fordrivne. Samtidig er dei materielle øydeleggingane enorme og kritisk infrastruktur som veg, bruer, vass- og straumforsyning er skadd. Den humanitære krisa er akutt.

Krigen har også alvorlege politiske og økonomiske konsekvensar og vil påverke den globale og regionale situasjonen i lang tid framover. 

Saman med Norwegian Centre for Humanitarian Studies (NCHS) har vi gleda av å invitere til eit ope seminar om den humanitære krisa i Ukraina. Sentrale spørsmål vi vil diskutere er:

Korleis er den humanitære situasjonen i Ukraina no?

Kva skjer med dei som flyktar? Kvar drar dei? Kva slags hjelp får dei? Korleis blir dei mottatte der dei kjem?

Kva gjer bistandsorganisasjonane?

Kva kan gjerast på politisk og diplomatisk nivå for å handtere situasjonen?

Program:

Velkommen, Stein Sundstøl Eriksen, seniorforskar, NUPI

I panelet:

Marta Bivand Erdal, seniorforskar, PRIO

Salla Turunen, forskar, CMI

Marthe Handå Myhre, postdoktor, NIBR/Oslomet

Karine Nordstrand, styreleiar, Leger utan grenser

Stein Sundstøl Eriksen leier samtalen og det vil vere mogleg å stille spørsmål til panelet.

Seminaret finn stad i NUPIs lokale, men det vil også vere mogleg å følgje oss direkte på YouTube-kanalen vår her. Vi serverer lett frukost frå klokka 08.30.

Talere

Marta Bivand Erdal
Seniorforsker, PRIO
Salla Turunen
Forsker, CMI
Marthe Handå Myhre
Postdoktor, NIBR/OsloMet
Karine Nordstrand
Styreleder, Leger uten grenser
31 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Humanitære spørsmål
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt