Hopp til innhold
NUPI skole
15_03_22-japan-europe-oceans.png

Arrangement

Webinar: Havpolitikk: berekraft og tryggleik sett frå Japan og Europa

Kva er dei største utfordringane knytt til berekraft og tryggleik i Indo-stillehavsregionen og i europeiske område? Og korleis skal vi takla dei?
15 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Handel
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Arktis
  • Klima
  • Hav
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk

Havet ligg heilt i kjernen av global samankopling. Det er derfor svært viktig å vareta dens framtidige berekraft for livet både til havs og på land. På dette webinaret skal vi sjå nærare på dei grunnleggjande utfordringane som ligg til grunn for styring av havet, og korleis vi kan styrkja havrelatert samarbeid sett frå japansk og europeisk ståstad.

Berekraft i havet er ei prioritert sak på den globale politiske dagsordenen, og ei rekkje nye initiativ for styring av havet er under arbeid. Eit slikt initiativ, The High Level Panel on Ocean Sustainability, leidd av Noreg og Palau og med Japan som medlem, har bede om utvikling og implementering av bærekratige planar for havet («Sustainable Ocean Plans») som skal leggja til rette for auka kunnskap, ta opp lands- og havbaserte problemstillingar og inkorporera konsekvensane klimaendringane har for havet.

I tråd med 2030-dagsordenen for berekraftig utvikling, reknar panelet velstand knytt til hav som eit prioritert tema. Spesielt gjeld dette etablering og forvaltning av berekraftig fiske.

Paneldeltakarane skal under dette webinaret bruka erfaringane sine som praktikarar, avgjerdstakarar og akademikarar i ein diskusjon om korleis ein kan få til eit berekraftig og sikkert maritimt rom.

Kva er styringshola som må løysast for å sikra berekraftig forvaltning av hav? Kva meir kan havtater som Japan og Noreg gjera for å løfta spesifikke havstyringsspørsmål og i kva forum?

Professor og kaptein Kentaro Furuya har tryggleik, spesielt med fokus på maritim tryggleik, som ekspertise med meir enn 30 års erfaring i den japanske kystvakta. Han skal sjå nærare på ulovleg, urapportert og uregulert (IUU) fiske, som også utgjer ein trussel mot berekraftig bruk av fiskeressursane, i tillegg  til andre maritime tryggingsspørsmål som menneske- og narkotikasmugling.

Andreas Raspotnik er ekspert på spørsmål knytt til blå økonomi og styring av akvakultur. Han vil gi eit EU-perspektiv på spørsmål knytt til IUU og korleis ein kan byggja interregionalt samarbeid i arbeidet mot eit berekraftig og sikkert maritimt rom.

Webinaret blir moderert av seniorforskar på NUPI Wrenn Yennie Lindgren, som spesialiserer seg på internasjonale relasjonar i Aust-Asia og japansk utanriks- og tryggingspolitikk.

Seminaret blir arrangert av NUPIs Senter for havstyring og gir eit høve til å diskutera korleis ein kan styrkja havsamarbeidet mellom Japan og Europa i oppkøyringa til Our Ocean Conference i Palau i april og FNs 2. havkonferanse i Portugal i juni.

Talere

Capt. Kentaro Furuya
Adjungert professor, GRIPS
Andreas Raspotnik
Seniorforsker, FNI
15 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Handel
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Arktis
  • Klima
  • Hav
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk