Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs utanriks- og tryggingspolitikk er i endring – kva betyr det for Noreg?

EUs felles utanriks- og tryggingspolitikk er i endring, og skiljet mellom dei ulike politikkområda i unionen blir mindre. Vil Noregs deltaking i EØS kunne føre til tettare integrasjon med EU også på dette området?
22 oktober 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • EU
  • Engelsk

Noreg har samarbeidd med EU innan utanriks-, tryggleiks- og forsvarssaker i fleire tiår. Vi har deltatt i både sivile og militære EU-operasjonar, legg oss på linje med både EUs politiske erklæringar og dei restriktive tiltaka i unionen (som sanksjonar) mot statar og/eller individ, og samarbeid tett med Det europeiske forsvarsbyrået (EDA).

I motsetning til andre rammeavtalar med EU, som EØS og Schengen, avheng ikkje dette samarbeidet av omfattande institusjonelle ordningar og dynamiske forpliktingar. Noreg har i staden slutta seg til EUs utanriks- og tryggingspolitikk på bakgrunn av ei rekkje uformelle avtalar, som ofte har vore ad hoc. Fordelen er fleksibilitet, men det inneber også at Noreg har få eller ingen formelle kanalar for innverknad over avgjerder tatt på EU-nivå. Etter kvart som EU har fått ein meir aktiv felles utanriks- og tryggingspolitikk (FUSP), har Noreg også vist ei fornya interesse i å styrkje samarbeidet med EU på dette feltet.

På dette seminaret vil vi sjå på korleis Noreg kan forbetre dei institusjonelle ordningane sine med EU på eit felt i rask utvikling. Diskusjonen vil ta utgangspunkt i ei vurdering av kva EU er i stand til å tilby innanfor det konstitusjonelle rammeverket sitt, som også er formidla i dei pågåande samtalane med Storbritannia om eit framtidig forsvarssamarbeid etter Brexit. Med tanke på at vi ser ei tettare kopling mellom FUSP og andre politikkområde i EU, vil vi også diskutere om Noreg kan oppnå ein tettare integrasjon med EU på dette området som ei følgje av tilgangen sin til den indre marknaden gjennom EØS.

Arrangementet markerer slutten på prosjektet «EU security and third countries: EU, UK and Norway». Prosjektleiar Christophe Hillion vil presentere hovudfunna sine og NUPI-direktør Ulf Sverdrup vil leie arrangementet. Heile seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Christophe Hillion
Tidligere ansatt (bistilling)

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør

Relaterte prosjekter

Forskningsprosjekt
2017 - 2018 (Avsluttet)

EU security and third countries: EU, UK and Norway

I dette prosjektet skal NUPI i samarbeid med andre ledende europeiske eksperter kartlegge og analysere pågående utviklinger i EU innen utenriks-, sikkerhets- og forsvarspolitikk. ...

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
22 oktober 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • EU
  • Engelsk