Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Humanitær hjelp i Syria: FN og rolla til stormaktene

Kva for nokre humanitære behov har folket i Syria no? Og korleis kan det internasjonale samfunnet best hjelpe?
23 november 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Salongen (første etasje)
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk

NUPI har gleda av å ønskje Muhannad Hadi velkommen for å svare på desse spørsmåla. Han vil også snakke om internasjonale og syriske politiske rammevilkår for vidare humanitær innsats i Syria og i nabolanda.

I tillegg kjem også jurist og samfunnsvitar Cecilie Hellestveit og PRIO-forskar Pavel K. Baev for å gi sitt syn på situasjonen i Syria og det internasjonale samfunnet.

Syria-konflikten har no gått føre seg i over ti år. Den har skapt enorme lidingar for det syriske folket og skapt ei djup humanitær krise som kontinuerleg blir forverra. I dag er det over 13,4 millionar menneske i Syria som treng humanitærhjelp, ein 20% auke sidan 2020. Det syriske folket held fram med å vere dei som lid under konflikten.

Muhannad Hadi er den regionale humanitære koordinatoren for FNs Syria-respons (OCHA). Han er derfor ein sentral person i handteringa av fleire krevjande humanitære og politiske spørsmål knytt til konflikten i Syria. Fleire av desse spørsmåla er gjengangarar på Tryggingsrådets dagsorden, blant dei gjennom prosessen om fornying av resolusjonen om grensekryssande bistand som skal sikre vernetiltak og humanitær bistand særleg til befolkninga i opprørskontrollerte område i Syria, som Noreg og Irland er penneførarar for.

Smittevern: Sjølv om mange er vaksinerte, er ikkje pandemien over. Hald deg heime viss du er sjuk/har symptom på luftvegsinfeksjon. Dette gjeld både vaksinerte og ikkje-vaksinerte. Helsedirektorartet tilrår også bruk av munnbind innandørs dersom det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand til andre.

Hovedtalere

Cecilie Hellestveit
Folkerettsinstituttet
Muhannad Hadi
UN Regional Humanitarian Coordinator for the Syria Crisis
Pavel K. Baev
Forsker 1, PRIO
23 november 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Salongen (første etasje)
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk