Hopp til innhold
NUPI skole
Screenshot 2022-07-13 at 10.38.33.png

Arrangement

FN i Sør-Sudan: risiko og moglegheiter i ein usikker fredsprosess

FNs tryggingsråd skal i mars i år fornya mandatet til FNs fredsbevarande operasjon i Sør-Sudan - UNMISS. Dette markerer den tiande fornyinga av mandatet sidan skipinga i 2011.
22 februar 2022
16:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Zoom
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Fredsoperasjoner
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Årets mandatfornying av FN-operasjonen UNMISS skjer i ei tid med strore endringar i Sør-Sudan. Den revitaliserte fredsavtalen i Sør-Sudan (R-ARCSS) i 2018 førte til skipinga av ei overgangsregjering som har ansvar for prosessar som skal hjelpa landet ut av ein sårbar situasjon prega av vald, humanitære kriser og ustabile relasjonar til nabolanda. Gjennomføringa av fleire viktige punkt i fredsavtalen er langt etter skjema.  Dette gjeld blant anna tema knytt til tryggleik, grunnlovsprosessen  og overgangsrettferd.  Trass i forseinkingar  har det vore ein viss framgang på dei to siste områda.

Under webinaret 23. februar vil panelistene vurdera kor effektiv UNMISS har vore og diskutera kva utfordringar og moglegheiter operasjonen kan møta i 2022-2023. Diskusjonen vil ta utgangspunkt i hovudfunna i rapporten The United Nations Mission in South Sudan 2022: Risks and Opportunities in an Uncertain Peace Process.

Rapporten fokuserer på to relaterte aspekt ved mandatet til UNMISS: Bekyttelse av sivile (POC), og UNMISS' støtte til fredsprosessen, inkludert korleis operasjonen samarbeider med regionale partnarar. Rapporten gir også strategiske vurderingar og konkrete  tilrådingar til Tryggingsrådet som dei kan ta med seg inn i mandatfornyinga..

Webinaret går føre seg på Zoom, og det vil vera mogleg å stilla spørsmål undervegs.

Program:

15.00-15.05

Opning av webinaret ved Cedric de Coning, forskar 1 på NUPI.

15.05-15.15

Introduksjon, 

Adam Day, Programdirektør, United Nations University Centre for Policy Research.

15.15-15.35

Presentasjonar, 

Nicholas Haysom, Spesialrepresentant for FNs generalsekretær og leiar av UNMISS.

Ambassador Akuei Bona Malwal, Sør-Sudan's permanente FN-oppdrag.

15.35-15.58

Diskusjon og spørsmål frå publikum.

15.58-16.00

Avslutning, Cedric de Coning, forskar 1 på NUPI.

 

Dette webinaret blir arrangert av The Effectiveness of Peace Operations Network (EPON), Training for Peace (TfP) og NUPI.

Talere

Adam Day
UN University
Cedric H. de Coning
Forsker 1
22 februar 2022
16:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Zoom
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • Fredsoperasjoner
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital