Hopp til innhold
NUPI skole

EUNPACKs sluttkonferanse: ei samanfatting av tre år med forsking på EUs kriserespons

Konfliktsensitivitet var i sentrum då det treårige NUPI-leia forskingsprosjektet på EUs kriserespons (EUNPACK) arrangerte ein avslutningskonferanse i Brussel 18-20. mars.

EUs kriserespons har vore under lupen til eit NUPI-leia forskingssamarbeid dei siste tre åra. Førre veke vart resultata frå prosjektet samanfatta i eit variert program der forskarar frå EUNPACK møtte sentrale avgjerdstakarar i Brussel.

Les om dei viktigaste funna frå prosjektet her:

Implikasjonar av forskingsresultata

EUNPACKs avslutningskonferanse var ei fin moglegheit til å samlast for å diskutere og vurdere implikasjonane funna frå tre år med forsking og feltarbeid har for EUs politikkutforming på dette området. På konferansen, som fant sted at Centre for European Policy Studies (CEPS), diskuterte EUNPACK-forskarar funna og utveksla perspektiv saman med avgjerdstakarar, sivilsamfunnsaktørar og andre frå akademia.

  • Les meir om EUNPACK-prosjektet her.

Førebygging og konfliktsensitivitet

Projektkoordinator Morten Bøås (NUPI) opna arrangementet med å presentere hovudfunna frå tre år med forsking, der han blant anna understreka naudsynet av større konfliktsensitivitet i EUs kriserespons.

Hilde Hardemann frå Europakommisjonens teneste for utanrikspolitiske instrument innleia deretter med å peike på den auka relevansen av nettopp dette. Ho framheva konfliktsensitivitet som særleg sentralt i arbeidet med førebygging av konflikt. Dette har fått økt fokus dei siste åra, både gjennom ‘Pathways to peace’-rapporten frå FN og Verdsbanken, og spesielt frå FNs Generalsekretær António Guterres.

Konfliktsensitivitet og ‘lessons learnt’

Hardemann nemnde tre måtar ho vil ta med seg konfliktsensitivitet som ei ‘lessons learnt’ i hennar vidare arbeid; naudsynet av uavhengige analysar av både konflikt og negative konsekvensar kriserespons kan ha for konfliktdynamikken, samt å inkludere lokale aktørar for å ‘do no harm’.

Konferansen samanfatta forskinga gjennom tre tematiske panel: Konsept og planlegging, som fokuserte på EU og deira kriseresponsmekanismar og kapasitetar; EU i Aust-Europa; og EU i det sørlege nabolaget. Gjennom heile konferansen utveksla EUNPACK-forskarar med ulike avgjerdstakarar, særleg frå Den europeiske utanrikstenesta (EEAS), men også frå planleggingsetaten på kontoret til NATOs generalsekretær og andre.

Vitskapelege og politiske konsekvensar

I diskusjonane vart både konkrete caser og større vitskapelege perspektiv undersøkte, samt konkrete konsekvensar for avgjerdstakarar. Forskarar og avgjerdstakarar hadde ofte liknande oppfatningar av EUs effektivitet i forskjellige land og måtar å betre dette på, men i andre tilfelle var dei usamde og tok del i en konstruktiv utveksling av perspektiv.

Institusjonell og djup kontekst-forståing

Arrangementet vart avslutta med ein avslutningsseanse der Morten Bøås (NUPI), Pernille Rieker (NUPI) og Steven Blockmans (CEPS) diskuterte måtar avgjerdstakarar i Brussel kan utnytte EUNPACK-funna på for å betre effektiviteten av krisesponsen i tida som kjem.

Målsettinga til prosjektet har vore å kombinere ein institusjonell forståing av EU med inngåande kunnskap om krisesponsekonteksten. Samstundes har EUNPACK ynskja å sette opp ein spegel til EU og vise korleis folk på bakken oppfattar dei samt intensjonane, interessene og handlingane deira, som moderator av EU i Aust-Europa-panelet Jozef Bátora (Comenius University) så fint oppsummerte.

EUs interne og eksterne utfordringar

Den 20. mars organiserte NUPI i tillegg to policyrundebord på Norway House for å få mest mogleg utbytte av EUNPACK-funna.

Det første rundebordet heitte ‘Evaluering av EUs verktøykasse for handsaming av interne og eksterne utfordringar’, og var i samarbeid med tre andre H2020-finansierte prosjekter: EU-STRAT, som har studert forholdet mellom EU og landa i det austlege europeiske nabolaget; FEUTURE, som har kartlagt dynamikken i forholdet mellom EU og Tyrkia; og INFORM, som har studert samspel mellom formelle og uformelle institusjonar i vestbalkanske samfunn.

Pernille Rieker (NUPI/EUNPACK) leia panelet, som bestod av Morten Bøås (NUPI/EUNPACK), Antoaneta L. Dimitrova (Leiden Universitet/EU-STRAT), Eric Gordy (University College London/INFORM), Eduard Soler (Barcelona senter for internasjonale studier/FEUTURE) og Kyriacos Charalambous (medlem av EU-kommissær Johannes Hahns kabinett, Institutt for europeisk naboskapspolitikk og utvidingsforhandlingar).

Sjølv om prosjekta har handla om ulike tema, er ei felles oppfatning at det er eit gap mellom kva som skjer på bakken og kva som skjer i den såkalla ‘Brussel-bobla’. Ein politisk anbefaling panelet kom til var difor at EU skulle bryte ut av denne bobla ved å legge større vekt på samarbeid med borgarar på bakken, både i storbyane og på landsbygda.


Stengte murer, nye kriser?

Det andre rundebordet handla om EU, migrantar og flyktningar, og bestod av EUNPACK-forskarar Morten Bøås (NUPI), Roger Mac Ginty (Durham University), Sandra Pogodda (University of Manchester) og Luca Raineri (Sant’Anna School of Advanced Studies), samt direktør for det norske Flyktningrådet i Europa, Edouard Rodier. Panelet vart leia av Kari M. Osland (NUPI/EUNPACK).

Medan panelistane anerkjende kor viktig EUs humanitære innsats i områder der migrantar og flyktningar kjem frå har vore, var dei også samde om at det er behov for ein ny tilnærming. Medan Bøås understreka behovet for å skilje mellom flyktningar og migrantar for å sikre flyktningar rett til beskyttelse, hevda Pogodda at den såkalla flyktningekrisa var eit resultat av mangel på solidaritet i europeiske samfunn. Mac Ginty meinte at EU snakkar meir om gjerder og grenser enn nokon gong før, og Rodier understreka at dei på denne måten har fundamentalt nekta mellom anna dei mest sårbare i Syria retten til å søke tilflukt.

Les også:

Interesser vs. verdiar

Dette må sjåast i samanheng med at EUs tiltak har vorte mindre behovsdrivne enn interessebasert, slik Raineri peika på i sin presentasjon. Trass i dette vart panelet samde om at EU kan spele ei sentral rolle i løysinga på desse overhengande utfordringane. For å oppnå dette kan det være naudsynt å vende seg vekk frå den nå meir realistiske/pragmatiske tilnærminga, og legge større vekt på verdiar over interesser.


For meir informasjon om NUPI si forsking på Europa og EU, sjå NUPIs Senter for Europastudier. 

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • Migrasjon
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU