Karl Erik Haug ny styreleiar ved NUPI

Publisert: 21. des. 2021

NUPI sitt styre for perioden 2022 - 2025 er klart. 

Professor Karl Erik Haug blir ny styreleiar. Haug er professor i moderne historie og instituttleiar ved NTNU. Haug har relevant fagleg bakgrunn med tanke på dei problemstillingane NUPI arbeider med. Den nye styreleiaren kjenner utdanningssektoren godt, og som instituttleiar har han solid leiarerfaring. Haug vil med kompetansen sin, kunne bidra til at NUPI lukkast enno betre som leiande forskingsinstitutt, skriv Kunnskapsdepartementet på sine nettsidar.  

Det nye styret oppnemnd av Kunnskapsdepartementet ser slik ut:  

Rolle 

Navn 

Bakgrunn 

Styreleiar 

 

Karl Erik Haug 
(1967, Trondheim) 

Professor i moderne historie og instituttleiar ved Institutt for moderne samfunnshistorie.  

Styremedlem 

(noverande styremedlem) 

Sturla Henriksen 

(1956, Oslo) 

 

Spesialrådgjevar på hav, UN Global Compact.  

Styremedlem  

Torbjørn Pedersen 

(1972, Bodø) 

Professor i statsvitskap ved Nord universitet.  

Styremedlem 

 

Teija Tiilikainen 
(1964, Helsinki) 

Director, The European Centre of Excellence for Countering Hybrid Threats, Helsinki.  

Styremedlem 

 

 Laila Susanne Vars  

(1976, Kautokeino) 

Rektor, Samisk høgskole.  

 

Varamedlem  
Nr. 1 

(noverande varamedlem) 

Simen Bræin 
(1972, Asker) 

Senior Vice President i Statkraft.  

Varamedlem  
Nr. 2 

 

Lise Rakner  

(1963, Bergen) 

Professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen.  

Ansattrepresentantar i den komande styreperioden er forskar 1 Elana Wilson Rowe og seniorforskar Øyvind Svendsen. Vararepresentantar er forskar 1 Halvard Leira og seniorrådgjevar Christel Nguyen.

NUPI har som føremål å bidra til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål gjennom forsking og utgreiingar, og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Instituttet skal sjølv bygge opp og vedlikehalde kompetanse på område av sentral betydning for norsk utanrikspolitikk. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål. 

Funksjonsperioden for det nye styret er frå 1. januar 2022 til 31. desember 2025.