Hopp til innhold
NUPI skole

Nordmenn skeptiske til investeringar frå Russland og Kina

Fleire er positive enn negative til utanlandske investeringar - men skeptiske til somme land.
Bildet viser et lysende Huawei-skilt på toppen av et bygg på Majorstuen i Oslo

ÅTVARA MOT HUAWEI: I fjor åtvara PST i si trusselvurdering mot å late kinesiske Huawei byggje ut 5G-nett i Noreg. 

Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix

ÅTVARA MOT HUAWEI: I fjor åtvara PST i si trusselvurdering mot å late kinesiske Huawei byggje ut 5G-nett i Noreg. 

Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix

Kva er haldningane i dei nordiske landa til utanlandske investeringar? Speler det nokon rolle for befolkninga kvar dei utanlandske investeringane kjem frå? Er ein meir skeptisk til utanlandske investeringar innanfor nokre sektorar av økonomien?

Desse spørsmåla ville forskarar frå NUPI finne svar på gjennom ei omfattande spørjeundersøking om nordiske haldningar til utanlandske investeringar. Resultata er publiserte i ein fersk artikkel som du kan lese i Internasjonal Politikk.

Artikkelen «Holdninger til utenlandske investeringer fra Kina i de nordiske land» er skrive av NUPI-direktør Ulf Sverdrup og seniorforskar Morten S. Andersen.

Lener mot positiv

Resultata frå undersøkinga viser at den generelle haldninga til utanlandske investeringar i Noreg lenar mot positiv. 7.1 prosent av dei spurde svarer at dei ser dette som «Svært positivt», 19.3 prosent svarer «Nokså positivt», 42.5 prosent svarer «Både og», 10 prosent svarer «Nokså negativt», 4.9 prosent «Svært negativt», mens 16.2 prosent svarer «Veit ikkje».

Omkring 33 prosent av nordmenn er positive eller nokså positive til utanlandske investeringar frå EU-land. Men når dei blir spurde om korleis dei stiller seg til haldningar frå Kina og Russland, blir biletet eit anna.

Berre rundt 18 prosent er positive eller nokså positive til investeringar frå Kina, og omkring 15 prosent til investeringar frå Russland.

Redd for tap av kontroll

Dei som var negative til investeringar frå Kina, blei spurd om å svare på kvifor. I Noreg er tap av kontroll med nasjonale ressursar årsaka desse respondentane hyppigast oppgir (70.1 prosent). På andreplass kjem tryggleiksrisiko (65.2 prosent), på tredjeplass korrupsjon (42.9 prosent), deretter dårlege arbeidsvilkår (40.6 prosent), og til slutt negative miljøeffektar (31.6 prosent).

Høyr NUPI Podcast:

- Eit interessant funn, er at mens eldre, i gruppa 36-80 år, hyppigast peikar på tap av kontroll med naturressursar og tryggleiksrisiko som årsak til at dei er negative, peikar dei yngre, mellom 18 og 35 år hyppigast på negative miljøeffektar og korrupsjon, seier seniorforskar Morten S. Andersen (NUPI).

Samla sett skil befolkninga i Noreg ikkje berre på opphavsland, men også mellom sektorar dei utanlandske investeringane hamnar i. Nordmenn er mest negative til utanlandske investeringar generelt innan «naturressursar», og minst negative til utanlandske investeringar i «detaljhandel». Når det gjeld investeringar frå Kina, er dei klart mest negative til investeringar innan «naturressursar og «infrastruktur».

Omtrent dei same negative vurderingane gjeld investeringar frå Russland, men gjennomgåande er nordmenn litt meir skeptiske til russiske investeringar, enn til investeringar frå Kina.

Temaer

  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Globalisering
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Asia
  • Norden

Fakta

  • Spørjeundersøkinga er gjennomførd av Sentio på oppdrag frå NUPI i august 2019.
  • Utvalet består av 4894 personar over 18 år frå Sverige, Noreg, Finland, Danmark og Island, som er deltakarar i eit webpanel.
  • For Noreg består utvalet av 1004 personar. Resultata for kvart enkelt land er vekta for å reflektere populasjonen med tanke på kjønn, alder og geografi.
  • Undersøkinga er utført som eit ledd i forskingsprosjektet Consequences of Investments for National Security og er finansiert finansiert av Norges forskningsråd, og forskingsaktivitetar finansierte av Nordisk ministerråd.