Bildet viser Danmarks dronning Margrethe som besøker pandaer i Københavns zoologiske hage. Foto: NTB Scanpix

SYMBOL: I fjor fekk Danmark to pandaer frå Kina. Dronning Margrethes gjesting hos pandaene markerte startskotet for eit forskingssamarbeid. Noreg har til gode å få pandaer, men samarbeid mellom Kina og Norden er lovande både i akademia og næringsliv.

Omfattande rapport om Norden-Kina samarbeid

Publisert: 2. jan. 2020

Felles-nordisk aktivitet knytta til Kina er i utvikling, men har også klare avgrensingar.

- Interessa for meir felles aktivitet har vore tydeleg frå Kina si side, mens nordiske politikarar er meir tilbakehaldne, seier seniorforskar ved NUPI, Hans Jørgen Gåsemyr.

Han har skrive kapittelet som vurderer norske perspektiv på Norden-Kina samarbeid i ein ny rapport om Kina og Norden.

Liten grad av koordinering på tvers

Den omfattande rapporten, som er koordinert av Nordisk institutt for Asiastudier i København, tek for seg ei lang rekkje område der dei nordiske relasjonane til Kina flyt godt, og der det er vesentlege utfordringar.

Ein viktig konklusjon er at Norden-Kina samarbeidde har auka og er i utvikling, men at det er liten grad av koordinering på tvers av ulike sektorar og initiativ. 

Store ulikskapar i politiske verdiar mellom Kina og dei nordiske landa, spesielt i synet på individuelle politiske og sivile rettar, samt det skjerpte konkliftnivået mellom Kina og USA, avgrensar utviklinga av meir dynamisk samarbeid. Dette rører både politiske og økonomiske forhold, inkludert aktivitet i Arktis.

Lovande aktivitetar

Med utgangspunkt i generelle Noreg-Kina-relasjonar, peikar Gåsemyr på område der felles Norden-Kina aktivitet faktisk allereie er ganske dynamiske, og kor mange norske aktørar kan ønskje seg meir samarbeid.

Akademiske og næringslivsframande aktivitetar framstår som spesielt lovande.

- Eg er likevel også tydeleg på avgrensingane, ikkje minst i den politiske arenaen, der det ikkje er interesse for å erstatte aktivitetar som i dag er tufta på nasjonale eller bilaterale institusjonar med noko felles nordisk, seier Gåsemyr.

Heile rapporten, inkludert kapittelet om Noreg, les du her.

Publikasjoner