Dette seminaret undersøkjer geopolitikken til energifeltet, med fokus på konkurranse mellom eksportblokker og blant innovasjonar i fossile og fornybare energiteknologiar.

Teknologiane for å vinne ut ukonvensjonell olje og gass har utvikla seg raskt i løpet av det siste tiåret, og bidrar til at den amerikanske skiferoljesektoren når eit nytt nivå av effektivitet i møte med fallande oljeprisar. Samtidig har dei søkkande kostnadene innan fotovoltaisk solkraft gjort at dette no er den rimelegaste måten å produsere energi på i mange delar av verda.
 Viss desse kostnadene held fram med å falle - eller viss batteri, elektrisitetsoverføring, hydrogenlagring eller atomkraft gjer eit teknologisk hopp framover - kan større endringar følgje i kjølvatnet av dette.

Dette seminaret vil undersøkje korleis geopolitiske relasjonar kan på påverkast i framtida, med eit nærgåande blikk på strategiar som Saudi-Arabia og OPEC kan ta i bruk for å forsvare deira rolle i dei golbae energimarknadene i møte med utfordringar frå nye teknologiar og amerikansk skiferolje.

Seminaret blir arrangert av Baker Institute, NUPI og Utanriksdepartementet og vil bli strøymt på YouTube.