Aust-Asia har mange av verdas viktigast dynamiske økonomiar – Kina, Japan, Korea, Indonesia, Vietnam, Thailand, Malaysia, med fleire.

Dei siste åra har påverknaden til regionen på den globale økonomien vore oppsiktsvekkjande, og denne kjem sannsynlegvis til å spele ei endå viktigare rolle i nær framtid. Kina får stadig meir makt, noko både regionen og resten av verda kjenner på kroppen.

Professor Christopher Dent utforskar korleis vi kan forstå Aust-Asia som ein region, viktige utviklingar i austasiatisk regional politikk og korleis Aust-Asia formar den verda vi lever i. Dent rettar særleg blikket mot globale utfordringar i hundreåret vårt, som klimaendringar, energitryggleik, kamp mot fattigdom og ein endra geopolitisk orden.

Christopher Dent er professor i Aust-Asias politiske økonomi ved avdeling for språk, kultur og samfunn på Universitetet i Leeds.

Dette arrangementet er ein del av NUPIs seminarserie om Asia. Seminaret vil strøymast live på YouTube.