Afrikas horn er ein region med store variasjonar i geografi, historie, befolkning, politikk og kultur. Dét har gjort regionen sårbar for konfliktar både internt i samfunna der og mellom landa som utgjer Afrikas horn . Dette mangfaldet har også lagt til rette for at utanforståande har kunna drive avløysarpolitikk i regionen.
No er Djibouti, Eritrea, Etiopia, Sudan, Sør-Sudan og Somalia – og Kenya og Uganda – komme i stormakters søkjelys.
Fleire faktorar påverkar Afrikas horn i dag. Terrorisme, nye lojalitetsband, handelstryggleik i Raudehavet og den globale migrasjonskrisa er nokon av desse. I geopolitisk samanheng er Afrikas horn Europas sårbare nabo i eit veldig fragmentert sør.