Hausten 2015 kom ein stor flyktningstraum over grensa mellom Russland og Noreg. Aldri før har ein sett ein liknande aktivitet i området. Kva var årsakene til denne utviklinga? Er det rimeleg å sjå på flyktningstraumen som ein del av russisk «hybridkrigføring»? Eller seier den norske mediedekninga meir om forholdet mellom Russland og Noreg enn om russisk politikk?

Desse spørsmåla er tema for Akademisk frukost i Cappelen Damms lokale 22. juni, og for ein artikkel av Arild Moe og Lars Rowe i det ferske nummeret av Nordisk Østforum (NØF).

Etter 29 år i papirversjon har NUPI-tidsskriftet blitt gratis og heildigitalt tilgjengeleg for alle på nytt forlag – Cappelen Damm Akademisk / Nordic Open Access Scholarly Publishing (NOASP).

Arrangementet er ope for alle og gratis, men krev påmelding via NUPIs nettsider (klikk på "påmelding").

Velkommen!

Arrangementet er støtta av Tidsskriftforeningen, Kulturrådet og Fritt Ord.