Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Fører demokratisering til betre skattlegging? Erfaringar frå Benin

På dette seminaret vil Dr Piccolino diskutere om demokratisering fører til høgare skatteinntekter. Ho bruker Benin som døme, eit låginntekstland med ei vellykka demokratisering frå tidleg 1990-tal.
20 januar 2016
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Engelsk

NUPI og ʻSkattJaktʼ-nettverket har gleda av å invitere til eit seminar med Dr Giulia Piccolino frå Institute of African Affairs, German Institute of Global and Area Studies (GIGA), Hamburg.

Innan skattesosiologi har det blitt hevda at framvekst av eit representativt styresett og høgare skatteinntekter forsterkar kvarandre gjensidig. Erfaringar frå Benin blir presenterte. Presentasjonen byggjer på ein artikkel av Dr Piccolino som nyleg er publisert i The Journal of Modern African Studies.

Benin er eit låginntektsland som kan sjå tilbake på ei vellykka demokratisering frå byrjinga av 1990-talet. Etter demokratiseringa har skatteinntektene auka. Dette kan komme av påverknader frå dei internasjonale finansieringsinstitusjonane (IFI), og den uformelle sektoren i landet kan også ha spelt ei rolle. Artikkelen argumenterer likevel for at viljen til skattebetalarane til å betale skatt er ei underliggjande årsak til dei auka skatteinntektene. Det at skattebetalarane i ei viss grad samtykke i skattenivået kan stadfestast.

Dr Giulia Piccolino er Alexander Von Humboldt Post-dotor-forsker ved Institute of African Affairs, German Institute of Global and Area Studies (GIGA).

Hennar siste publiasjkon er: Winning wars, building (illiberal) peace? The rise (and possible fall) of a victor's peace in Rwanda and Sri Lanka

Du kan følgje seminaret direkte på YouTube

Hovedtalere

Giulia Piccolino
Alexander Von Humboldt-forsker ved Institute of African Affairs, German Institute of Global and Area Studies (GIGA)
20 januar 2016
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Engelsk