For å takle nye former for sårbarheit, risiko og truslar i samfunnet, trengst ei rask nasjonal krisehandtering. Det er viktig å kunne samordne nødvendig kompetanse. Kommando- og kontrollansvar må vere tydeleg, men ein må samtidig vere i stand til å handtere tverrfaglege utfordringar som hybridtruslar og cyberanngrep. Det må vere avklarte roller og ansvar i ein krisesituasjon, men samtidig vil eit tverrfagleg samarbeid gjerne vere ein føresetnad for å lykkast. Finland og Noreg har hatt ei ulik tilnærming til desse utfordringane. Kva kan vi lære av dei finske erfaringane?