Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

På EUs sidelinje: Storbritannia og Danmark

På dette høgaktuelle seminaret vil Professor Rebecca Adler-Nissen frå Københavns universitet snakke om korleis unntak frå integrasjonsprosessen har fungert i praksis for to av EUs medlemsland: Storbritannia og Danmark.
18 oktober 2016
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Engelsk

I ei dansk folkeavstemming i desember 2015 blei det fleirtal for framleis dansk unntak frå deltaking i EU i juridiske og innanrikspolitiske saker. Seks månader seinare stemde det britiske folket for full utmelding frå EU, og dei aukande føderale prega i unionen var eit viktig argument for EU-motstandarane. Dei to sakene er ikkje unike. Stadig fleire land har uttrykt ønske om liknande unntaksreglar og ei meir fleksibel tilknyting til EU.

Det blir gjerne antatt at unntak grunngitt ut frå omsynet til nasjonal suverenitet vil svekkje den europeiske integrasjonsprosessen. Adler-Nissen snur dette argumentet på hovudet. Ho argumenterer snarare for at unntak slik som det danske og britiske faktisk kan bidra til å drive integrasjonsprosessen framover, og styrkje EU som politisk prosjekt.

Rebecca Adler-Nissen er professor i internasjonal politikk ved Københavns universitet. Ho forskar særleg på teoriar om internasjonale forhold (IR), diplomati, sjølvstende og europeisk integrasjon, og nyttar seg av feltarbeid, deltakande observasjon og antropologiske metodar i studiane sine. Blant Adler-Nissens mange publikasjonar er den premierte boka Opting Out of the European Union  (Cambridge University Press, 2014).

Seminaret inngår i forskingsprosjektet EUNOR og er ein del av NUPIs seminarserie Noreg møter Europa.

Følg seminaret på YouTube:

Program 19. oktober 13.15–15.00:

Velkommen av Pernille Rieker, Seniorforskar, NUPI

Presentasjon av Professor Rebecca Adler-Nissen, Københavns universitet

Kommentar ved Kristin Haugevik, Seniorforskar, NUPI

Spørsmål frå salen

Hovedtalere

Rebecca Adler-Nissen
Professor, Institutt for statsvitenskap, Københavns universitet
18 oktober 2016
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Engelsk