TTIP er ein omfattande handels- og investeringsavtale mellom EU og USA. Forhandlingane går framleis føre seg, sjølv om utfordringane står i kø. Viss forhandlingane lykkast vil Noreg stå overfor valet om å stå utanfor eller slutte seg til avtalen.

I februar fekk eit konsortium leidd av NUPI i oppgåve av Nærings- og fiskeridepartementet å undersøkje TTIP (Translantic Trade and Investment Partnership) og dens konsekvensar for Noreg, så vel som konsekvensane for ulike politiske moglegheiter for Noreg. Andre deltakarar er Institute for Economic Research i München (IFO), Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Menon Economics og Nordisk institutt for Sjørett.

Prosjektet er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet, og 2. november vil studiet bli presentert for ministeren.