Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Tyrkia under Erdogan - ein svakare stat?

Emre Caliskan gjestar NUPI for å snakke om oppfatninga til tyrkarane av AKP og president Erdogans etter mykje misnøye, protestar og kuppforsøk i landet.
17 september 2017
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Asia
  • Engelsk

Tyrkia har endra seg mykje dei siste tiåra. Ny økonomisk velstand har hatt mange uventa sosiale og politiske konsekvensar, spesielt ser ein dette i framgangen til AKP-partiet og president Recep Tayyip Erdogan. Trass i stor popularitet under valet, har AKPs framgangsmåtar møtt aukande kritikk: Tyrkia har enno ikkje løyst det kurdiske spørsmål sitt, utanrikspolitikken i landet er stadig meir belasta i balanseringa av forholdet til Iran, Israel, USA og EU, utbreidde protestar prega landet i 2013, noko også eit kuppforsøk gjorde i 2016.

Mange meiner no at regjeringa er korrupte, uansvarlege, at ho skremmer pressa og at ho er intolerant til politiske alternativ. Har dette ein gong lovande demokratiet blitt til eit tyranni av fleirtalet i leiing av ein karismatisk leiar? Er Tyrkia meir polarisert no enn på noko anna tidspunkt i den nyare historia si?

Det er dette Emre Caliskan skal snakke om når han besøkjer NUPI 18. september. Han hevdar at Tyrkia ikkje ein sterk stat: "Tyrkia liknar framleis meir på ein svak stat enn ein sterk stat etter dei siste åra under AKP. Tyrkia blir svakare og meir oppbrote, noko som skaper uro og eit engsteleg samfunn. Dette er naturen til det nye Tyrkia, og det skaper stor misnøye."

Emre Caliskan held for augneblinken på med ei doktorgrad i internasjonale relasjonar ved St Antony College på Oxford University. Hans avhandling utforskar rolla tyrkisk-islamske ikkje-statlege aktørar i tyrkisk utanrikspolitikk har i Afrika sør for Sahara. Hans andre interesser inkluderer Tyrkias transnasjonale islam, tyrkisk utanrikspolitikk og islamske NGO-ar i internasjonale relasjonar. Han har ein MA i Midtausten og Middelhavsstudier frå King's College i London, og er medforfattar med Simon A. Waldman, av «The ‘New Turkey' and its Discontents” (2016) som vurderer den sosiale, religiøse og politiske polariseringa under Recep Erdoğans AKP og dei sannsynlege konsekvensane for Tyrkias utvikling.

Opponent til Caliskans presentasjon er postdoktor ved Universitetet i Oslo Einar Wigen. Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Kjetil Selvik.

Arrangementet blir strøymt live gjennom NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Emre Caliskan
St Antony College, Oxford University
Einar Wigen
Førsteamanuensis, UiO
17 september 2017
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Asia
  • Engelsk