Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Framandkrigarar på Balkan: innsikt frå Kosovo og Bosnia

Tre forskarar besøkjer NUPI for a snakke om kvifor antakinga vi har om framandkrigarar ofte ikkje stemmer med røyndommen.
18 februar 2018
11:45 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Engelsk

Mange forskarar på Balkan er raske til å peike på nærværet av ein bestemt radikal islamsk ideologi som den viktigaste drivkrafta bak framveksten av framandkrigarar i Syria og Irak. Denne teorien held som oftast ikkje vatn med det ein ser faktisk ser på bakken. Teorien ser på radikal ideologi som noko som blir sprøytt inn i folks tenkjemåte, og ser dermed bort frå menneskets evne til å ta eigne val og at det faktumet at dei ofte sjølv søkjer radikale ideologiar. Mens nærværet av ein spesifikk radikal islamsk ideologi ofte er nødvendig, er det både ei ufullstendig og enkel forklaring på fenomenet. Ulike studiar frå Balkan peikar på mange likskapar med europeiske framandkrigarar og jihadistar. Likevel har dei framleis mange forskjellar.

Dette arrangementet fokuserer på Kosovo og Bosnia, men det speler også på feltarbeid i andre område på Balkan frå siste fem åra. Presentasjonane ønskjer å diskutere samspelet mellom den radikale ideologien og korleis han samhandlar med spesifikke, og ofte utilsikta, sosiale forhold hos individ som ikkje berre blir utanlandske krigarar, men som også kjem til å omfamne liknande ideologiar. I lys av dette vil presentasjonane også diskutere den generelle rolla til identitet, forholdet til dei radikale til det etablerte sosiale systemet, og dei sterke familiære banda i den yngre generasjonen. Presentasjonen vil vidare diskutere kven som blir radikalisert og korleis rekrutterere siktar seg mot desse menneska.

Rudine Jakupi jobbar som forskar ved Kosovar Centre for Security Studies ved Countering Violent Extremism (CVE) Program. Ho har fullført masterprogrammet i internasjonale og europeiske relasjonar ved Linköpings Universitet i Sverige. Rudine har ei bachelorgrad i statsvitskap frå Priština University. Ho har også vore ein aktiv medlem i fleire ikkje-statlege organisasjonar, med fokus på menneskerettar, rettstryggleik og kjønn og tryggleik.

Vlado Azinović er lektor ved the Department of Peace and Security Studies, School of Political Science, University of Sarajevo, Bosnia and Herzegovina. Dr. Azinović fekk sin Ph.D. i statsvitskap ved American University of London og mastergrad i internasjonale relasjonar frå Norwich University. Mellom 1995 og 2008 jobba han som redaktør på Balkan Service, Radio Free Europe/Radio Liberty i Praha.

Shpend Kursani er Phd-forskar ved Department of Political and Social Sciences ved European University Institute (EUI) i Firenze, Italia, der han forskar på etterkrigstida av omstridde statar etter andre verdskrigen. Han har ein Master of Philosophy grad i internasjonale relasjonar ved University of Cambridge, og har ei bachelorgrad i offentleg politikk og leiing frå American University in Kosovo/Rochester Institute of Technology, NY, US.

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Rita Augestad Knudsen.

Arrangementet startar 11.45 og varer til ca. 13.45. Det vil bli servert kaffi og noko søtt å bite i.

Talere

Rudine Jakupi
forsker, Countering Violent Extremism (CVE) Program ved Kosovar Centre for Security Studies
Vlado Azinović
Associate Professor, Department of Peace and Security Studies, School of Political Science, University of Sarajevo
Shpend Kursani
doktorgradsstipendiat, Department of Political and Social Sciences, European University Institute (EUI), Firenze
18 februar 2018
11:45 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Engelsk