Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis ser russarane på konfrontasjonen med Vesten?

Lev Gudkov gir deg eit innblikk i den russiske folkemeininga i 2018.
30 oktober 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk og norsk

Kva meiner russarar flest om president Putin, Kremls politikk og Vesten? Synest befolkninga at Russland er på rett spor? Korleis ser russarane på framtida? President Putin har sidan han blei vald i 2000, skåra jamt høgt på meiningsmålingane. Etter anneksjonen av Krim i 2014 nådde målingane nye høgder, med støtte frå opp mot 90 % av befolkninga. Etter annonseringa av ei omfattande pensjonsreform sommaren 2018 har støtta derimot falle noko.

31. oktober kjem Lev Gudkov til NUPI for å gi eit overblikk over kva russarane meiner om Vesten, Ukraina, om politikken som blir ført av Kreml og korleis folkemeininga om desse temaa har forandra seg over tid. Presentasjonen er basert på Levadasenterets jamlege spørjeundersøkingar i Russland.

Lev Gudkov er sosiolog og direktør ved Levadasenteret, som sidan 2003 har gjennomført meiningsmålingar og analysert folkeopinionen i Russland. Han er også professor ved Higher School of Economics i Moskva og aktiv deltakar i den russiske offentlege debatten.

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI, Helge Blakkisrud. Seminaret vil bli tolka frå russisk til engelsk og strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Lev Gudkov
Levada-Center
30 oktober 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk og norsk