Den siste delen av krisa i dei engelsktalande regionane i Kamerun starta for nesten to år sidan. Det byrja med krav frå engelsktalande advokatar i den nord-vestlege og sør-vestlege regionen av Kamerun om å halde oppe lovsystemet i dei to engelskspråklege regionane. Deretter blei det streik leidd av engelsktalande lærarar i Bamenda (hovudkvarteret til nord-vestregionen) med tusenvis av engelsktalande innbyggjarar som kravde respekt for utdanningssystemet sitt. Sidan då har situasjonen forverra seg til ein væpna konflikt og ein gradvis større borgarkrig.

Sidan starten av krisa har det vore vanskeleg å leggje fram nøyaktige tal på omkomne, men hundrevis av sivile har mista livet, meir enn 70 landsbyar er øydelagde, rundt 160 000 menneske er internt fordrivne mens rundt 35 000 har søkt tilflukt i nabolandet Nigeria. Alt tyder på at ei stor humanitær krise som kan få ringverknader i søraust-Nigeria, heng over Kamerun om ikkje noko blir gjord i den næraste framtida.

Trass i gode rapportar frå velkjende organisasjonar som International Crisis Group, Amnesty International, Human Rights Watch, Catholic Relief Services , og frå forskarar, er ikkje krisa vidt kjent for resten av verda, og ho blir ofte misforstått og feilrepresenterte.

Med dette som bakteppe, vil Guillaume Nseke på dette arrangementet analysere dei grunnleggjande årsakene og tiltaka som kan bli tatte for ei løysing på krisa, og han skal diskutere moglege tiltak til krisa i etterkant.

Guillaume Nseke jobbar ved African Centre for Science and International Security (AFRICSIS), og har blant anna arbeidd i Nigeria, Burkina Faso, Togo, Niger og Benin med bilaterale forhold, og som representant for OIF og FN. Han har ei doktorgrad i internasjonale relasjonar frå International Relations Institute of Cameroon og interesseområda hans er blant anna internasjonale forhold og diplomati, regional integrasjon og økonomisk og sosial utvikling, forhandling, konfliktførebyggjande arbeid, terrorisme og internasjonal tryggleik.

Seniorforskar Morten Bøås leiar arrangementet.