Trass i store førekomstar av naturressursar, slit mange av verdas fattigaste og mest konfliktutsette statar med manglande kapasitet til å sikre sine innbyggjarars basisbehov som tryggleik, helsetilbod og utdanning. Utan skatteinntekter vil ein aldri klare å byggje opp ein slik kapasitet. Effektiv skattelegging og handtering av naturressursar er dermed ein nøkkel i å utvikle berekraftige statar og samfunn. I sårbare statar med vedvarande høgt konfliktnivå og lite samla kontroll over område er likevel dette svært vanskeleg.

HØYR OGSÅ: TaxCast: Skatt - den mest verdifulle ressursen i verda?

Kva kan sårbare statar lære frå utviklingsland som har klart å auke skatteinngangen og utvikle statskapasiteten? Korleis kan statar byggje dei nødvendige institusjonane som kombinerer makt og tvang med legitimitet? Og korleis kan donorar bidra i ein slik prosess? Før blei ofte kunnskap frå det globale nord lært vekk til det globale sør, men vi ønskjer derimot å skape ei plattform der vi spør kva land i sør kan lære av kvarandre. Denne konferansen skal derfor vere eit forum kor internasjonale forskarar og næringslivsaktørar frå land som Irak, Somalia, Kenya, Mali, Burkina Faso, Afghanistan, og Sør-Afrika kjem saman for å diskutere desse spørsmåla.

Konferansen er arrangert av Skattjakt-nettverket beståande av CMI, NUPI og Tax Justice Network - Noreg, og konferansen vil finne stad i Oslo frå 7. til 9. november 2018. Fellesrådet for Afrika er medarrangør for filmframsyninga og den følgjande paneldebatten på Litteraturhuset, 7. november.