Gjennom forbetra infrastruktur skal «Baltic Pipe»-prosjektet sørgje for nye forsyningsruter for gass til den europeiske marknaden. Denne nye ruta gjer det mogleg å transportere gass frå Noreg til danske og polske marknader, og til sluttbrukarar i landa rundt. Prosjektet er også ein del av EU-planen om å styrkje energisamarbeid langs nord-sør aksen i denne delen av Europa. Målet er altså at ein får eit sterkare energisamarbeid og ein forbetra energitryggleik i regionen.

Prosjektet er eit nytt steg vidare i det polsk-norske energisamarbeidet, og har blitt gjort mogleg gjennom det breiare rammeverket til EUs energipolitikk. Noreg har tidlegare levert relativt små mengder gass til Polen via Tyskland i perioden mellom 2001 og 2006. «Baltic Pipe»-prosjektet opnar for eksport på opptil 10 milliardar kubikkmeter gass til Polen. I tillegg har to polske firma etablert seg på den norske kontinentalsokkelen, Lotos og PGNiG Upstream.

Seminaret 1. februar 2019 vil gi eit godt høve til å bli betre kjent med polsk energipolitikk og Noregs rolle i arbeidet med europeiske planar i gassektoren. Hit kjem Krzysztof Tchórzewski, energiminister i Polen, olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg, Piotr Naimski som er polsk statsfullmektig for strategisk energiinfrastruktur.

I tillegg vil også representantar for selskap involvert i polsk-norske planar delta i ein panelsamtale om dei nye marknadsmoglegheitene.

Direktør ved NUPI, Ulf Sverdrup, leiar arrangementet.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: