Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis påverkar Oljefondet selskapa det har eigardelar i?

Knut Christian Myhre snakkar om forventningar, kommunikasjon og eigarskap i Noregs oljefond.
15 oktober 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk

Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) er dei største suverene formuesfonda i verda. Oljefondet forvaltar Noregs nasjonale petroleumsinntekter og er verd over ein billion amerikanske dollar. Kapitalen blir forvalta av eit dotterselskap under den norske sentralbanken som investerer i børsnoterte aksjar, renteinstrument og eigedommar på vegner av noverande og kommande generasjonar nordmenn.

Under dette seminaret skal Knut Christian Myhre undersøkje korleis Oljefondet påverkar selskapa som det har eigardelar i. Myhre fokuserer spesielt på dei sju forventningsdokumenta, som beskriv korleis Oljefondet forventar at selskapa det er investerte i handterer globale utfordringar i verksemda si.  Desse dokumenta handlar om alt frå barns rettar til berekraftige hav, og er Fondets viktigaste verkemiddel for utøving av eigarskap. Myhre undersøkjer korleis desse dokumenta søkjer å føre vidare ei rekkje internasjonale prinsipp. Spesielt gjeld dette korleis dokumenta adresserer bekymringar som påverkar livet og trivselen til ein stor del av befolkninga i verda.

Myhre argumenterer for at dokumenta og dialogane endrar korleis store multinasjonale selskap engasjerer seg i menneskes velferd, spesielt med tanke på at dei ikkje nødvendigvis er underlagde nasjonalstatar, og korleis desse dialogane gjensidig omformar leiingspraksisane til desse selskapa.

Knut Christian Myhre er seniorforskar på Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.  Han har utdanna seg innanfor filosofi og sosialantropologi, og tok Dphil-grada si frå University of Oxford. Myhre har lang erfaring frå Tanzania, og har skrive Returning Life: Language, Life Force and History in Kilimanjaro (Berghahn 2018) og vore redaktør for Cutting and Connecting: 'Afrinesian' Perspectives on Networks, Exchange and Relationality (Berghahn 2016). Myhre leier for tida eit forskingsprosjekt med tittelen Forms of Ethics, Shapes of Finance: Ethnographic Explorations of the Limits of Contemporary Capital, som er finansiert av Noregs forskingsråd.

Seminaret blir arrangert i regi av Skattjakt-nettverket, og direktestrømmes til NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Knut Christian Myhre
Seniorforsker, Kulturhistorisk Museum, UiO
15 oktober 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk