Verda kan stå overfor eit nytt kjernevåpenkappløp etter at USA og Russland nyleg trekte seg frå INF-avtalen. Dette kappløpet kan finne stad både i Europa og Asia. Russland og USA har klaga på at INF-avtalen ikkje omfattar Kina. I tillegg til nye amerikanske mellomdistansemissil i Europa, er det mogleg kollapsen til INF-avtalen vil føre til at USA utplasserer nye missil i Asia.

Under dette seminar diskuterer tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide implikasjonane av at INF-avtalen no ser ut til å falle. Barth Eide vil saman med seniorforskarane Sverre Lodgaard (NUPI) og Henrik Stålhane Hiim (NUPI) vurdere framtida for internasjonal rustningskontroll og faren for eit nytt våpenkappløp. Dei vil vidare diskutere opphavet og betydninga av INF-avtalen, og korleis eit våpenkappløp vil påverke internasjonal tryggleik i Europa og Asia.

Ordstyrar er forskar 1 på NUPI, Pernille Rieker.

Espen Barth Eide er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister i regjeringa Stoltenberg II frå 2011 til 2012, og utanriksminister i same regjering frå 2012 til 2013. Frå 2013 til 2017 var Barth Eide direktør i World Economic Forum i Geneve. Frå 2014 til 2017 var han FNs spesialutsending til Kypros.

Sverre Lodgaard er seniorforskar og tidlegare direktør (1997-2007) ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Han har vore medlem av FNs Institutt for Nedrustningsforskning (UNIDIR, 1992-96) og av Generalsekretærens Rådgivende Styre for Nedrustning (FN, 1992-1999).

Henrik Stålhane Hiim er seniorforskar ved NUPI og leier eit nytt prosjekt om strategisk stabilitet i Asia. Hans primære forskingsinteresser er kinesisk utanrikspolitikk, spreiing av kjernevåpen, og internasjonal tryggleik i Asia.

Pernille Rieker er forskar 1 ved NUPI. Hennar forskingsinteresser er europeisk integrasjon (EU) og europeisk utanriks- og tryggingspolitikk, inkludert fransk og dei nordiske landas utanriks- og tryggingspolitikk. I tillegg har ho arbeidd med dialog og konfliktførebygging meir generelt.

Arrangementet er ein del av forskingsprosjektet Noregs tryggingspolitiske rammevilkår i ei ny tid.

Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: