Arrangement
Noreg og New Zealand - felles utfordringar, felles løysingar?
Kva er New Zealands utanrikspolitiske prioriteringar i tida framover? Kva verdiar og saker står sentralt? Og korleis er forholdet til Noreg og dei andre nordiske landa?
Dette står på dagsorden når New Zealands visestatsminister og utanriksminister Winston Peters gjestar NUPI.
New Zealand og Noreg deler mykje i synet på verda, både når det gjeld verdiar og utanrikspolitiske føresetnader. Vi er små, opne demokrati som er avhengige av handel og internasjonale reglar. No har New Zealand nyleg opna ambassade i Stockholm. Korleis kan vi samarbeide, sjølv om vi er på kvar vår side av kloden?
det newzealandske utanriksdepartementet har definert sju strategiske mål dei jobbar mot:
Styrke internasjonale reglar og institusjonar
Økonomisk vekst og motstandskraft gjennom handel og økonomiske relasjonar
Plassere New Zealand som del av arkitekturen i Asia og Stillehavsområdet
Framme fred og stabilitet i Stillehavet
Framme berekraftige løysingar på dei globale klimaproblema i verda
Ivareta New Zealands tryggleik
Byggje sterke internasjonale relasjonar med andre statar
Winston Peters blei utanriksminister ettervalet i 2017. Han held også stillinga som visestatsminister, og minister for statseigde selskap. Han leier partiet New Zealand First.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: