Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Teoriseminar: Sonic IR

Kva rolle speler lyd i IR-studiar?
02 juni 2019
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Historisk IR
  • Engelsk

Dr. Xavier Guillaume (University of Groningen og gjesteforskar ved NUPIs EMPRISE-prosjekt) vil 3. juni snakke om kva rolle lyd speler i studiet av internasjonal politikk. Temaet baserer seg på eit paper  han og Dr. Kyle Grayson ved Newcastle University har skrive saman.

Presentasjonen vil framheve fire originale bidrag som markerer ei forbetring i forståinga av korleis våre sansar og forhold til makt er gjensidig grunnleggjande.

Seniorforskar på NUPI, Benjamin de Carvalho leier teoriseminaret.

Xavier er tilsett ved University of Groningen's Department of International Relations and International Organization. Tidlegare har han hatt stillingar ved University of Edinburgh og ved Universitetet i Geneve. Han har ein PhD frå Universitetet i Geneve, og har undervist om og forska på spørsmål som identitets-/”annerledeshet”-nexus i IR-teori, forminga av japansk nasjonal identitet frå 1700-talet til tidleg i det 20. hundreåret, borgarskap og tryggleik, fargar og tryggleik, stille og tryggleik, kvardagsliv og motstand i internasjonale relasjonar, prosessuelle tilnærmingar til IR-teori, og representasjon av Islam i Vesten.

Taler

Xavier Guillaume
Professor, University of Groningen
02 juni 2019
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Historisk IR
  • Engelsk