Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Teoriseminar: «Tradisjonelle» institusjonar og statsbygging i Tsjetsjenia og Ingusjetia

Ekaterina Sokirianskaia presenterer bokprosjektet sitt om situasjonen i Nord-Kaukasus.
10 november 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Styring
  • Engelsk

Sidan 1990-talet har Ingusjetia og Tsjetsjenia, to av dei russiske republikkane i Nord-Kaukasus, vore åstad for ein av dei dødelegaste og mest langvarige konfliktane i Europa, ei kjelde til regional og global terrorisme, og eit område med mange og grove brot på menneskerettane.

Denne studien blei til som ein reaksjon mot den utbreidde oppfatninga om at mislykka statsbyggingsforsøk etter Sovjetunionens fall, og væpna konflikt i Nord-Kaukasus langt på veg er eit resultat av «tradisjonell organisering» av eit «statslaust» samfunn. Boka er basert på 300 intervju, fem år med observasjon og over 18 år med arbeid i regionen, og boka motbeviser slike argument.

Under dette seminaret vil dei teoretiske aspekta ved desse argumenta, som byggjer på klassisk- og samtidslitteratur om statsbygging og modernisering, blir diskuterte. Med utgangspunkt i Michael Manns definisjon av staten, argumenterer boka for at litteratur som fokuserer på formelle institusjonar og vestlege modellar for utvikling, og som ser på staten som ein heilskapleg, autonom eining, ikkje er tilstrekkeleg for analysen av fragmenterte samfunn med ujamn modernisering.

Ekaterina Sokirianskaia er grunnleggjar og direktør for Conflict Analysis and Prevention Centre. Frå 2011 til 2017 var ho prosjektdirektør for Russland og Nord-Kaukasus ved International Crisis Group, der ho leidde forskinga til organisasjonen og rådgiving i regionen.

Sokirianskaia har ein PhD i statsvitskap frå Central European University, og er forfattar av ei rekkje artiklar og rapportar om menneskerettar, tryggleik og konflikt i Nord-Kaukasus og Russland.

Seniorforskar på NUPI, Julie Wilhelmsen, leiar dette teoriseminaret.

Taler

Ekaterina Sokirianskaia
Grunnlegger og direktør, Conflict Analysis and Prevention Centre
10 november 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Styring
  • Engelsk