Det NUPI-leidde og H2020-finansierte prosjektet EUNPACK går mot slutten. På denne konferansen samlast konsortiet for å diskutere kva policyimplikasjoner funna frå tre år med omfattande forsking og feltarbeid har for EUs engasjement i ekstern kriserespons.
I kva grad har spriket mellom 1) intensjonar og implementering, og 2) implementering og lokal mottaking/oppfatning, som har vore EUNPACKS hovudfokus, forma EUs kriserespons? Korleis avgjorde desse sprikane EUs evne til å bidra meir effektivt i problemløysing på bakken? For å svare på desse spørsmåla har EUNPACK kombinert nedenfra-og-opp-perspektiver med ei institusjonell tilnærming, med det formålet å auke forståinga vår av korleis EUs kriserespons fungerer og er oppfatta på bakken i kriseområde. Dette inneber å utforske lokale aktørar og oppfatningar i dei aktuelle landa utan å miste fokus på EUs institusjonar, forventningane og ambisjonane deira. Det har også involvert å undersøkje heile krisesyklusen.
Sluttkonferansen fører EUNPACKS forskarteam saman med politiske avgjerdstakarar, sivilsamfunnsrepresentantar, og andre relevante aktørar frå universitet, tankesmier, EU-institusjonar, og utanriksstasjonar i Brussel.
NB! Merk at det er ulike påmeldingsskjema til dei ulike arrangementa:
Registrer deg her for å delta på EUNPACK-konferansen ‘Unpacking the EU's Integrated Approach to External Conflicts and Crises' 18-19. mars på CEPS.
Registrer deg her for å delta på H2020-arrangementet ‘Assessing the EU's Toolbox in Handling Internal and External Crises' på Norway House den 20. mars kl. 10:00-12:00.
Registrer deg her for å delta på EUNPACK-arrangementet ‘The EU, Migrants and Refugees: Building Walls, Fueling Global Crisis?' på Norway House den 20. mars kl. 13:00-15:00.
EUNPACK-prosjektet undersøkjer EUs kapasitet (eller manglande kapasitet) til å engasjere seg i ekstern kriserespons. Eitt av hovudfunna er at mens EU er tungt engasjert og har ei omfattande tilnærming til kriser gjennom heile krisesyklusen, manglar EU konfliktsensitivitet i form av djuptgåande kunnskap om hovudårsakene til konfliktane i dei områda dei engasjerer seg. Les meir om NUPIs forsking på EU og Europa på NUPI senter for Europa-studiar (NSE).