NUPI har dei siste vekene følgt situasjonen nøye og gradvis innført tiltak for å verne eigne tilsette og gjester, og for å bidra til å minske spreiinga av viruset i samfunnet. I dette arbeidet følgjer vi råda frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og UD.

Sjølv om konferansen blir avlyst i år, tar vi sikte på å gjennomføre som normalt i 2021. I tillegg vil vi den 19. mars i år offentleggjere ein konferansepublikasjon med bidrag frå alle forskarane som skulle delta på konferansen, og foredraga deira blir lagt ut som videoar.

///

Kva for nokre utanrikspolitiske utfordringar står Noreg overfor? Svarer utanrikspolitikken vår på desse utfordringane? Og korleis burde vi eventuelt ha gjort ting annleis?

Dette er kjernespørsmål som vi jobbar med på NUPI, og desse vil prege norsk utanrikspolitisk konferanse i mars 2020. NUPI inviterer då til det første av eit nytt årleg arrangement. Vi skal lage ein konferanse som løftar fram politikken i utanriksdebatten, og som gjennom presentasjon av god forsking og analyse bidrar til å kaste lys over utfordringar vi står overfor. Konferansen skal fremje ein brei debatt om norske svar på desse utfordringane, og han skal bidra med innspel til denne diskusjonen.