Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Framtida til europeisk utanrikspolitikk etter Brexit

Storbritannias utmelding frå EU har skapt stor uvisse rundt utanrikspolitisk samarbeid i Europa. Har E3-samarbeidet ei framtid etter Brexit?
23 februar 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Det såkalla «E3-formatet» (tidlegare EU3), beståande av det uformelle utanrikspolitiske samarbeidet mellom Storbritannia, Frankrike og Tyskland, har hatt ei framståande rolle i internasjonalt diplomati – særleg sidan 2003.

Grupperinga var blant anna viktig i forhandlingsprosessen som resulterte i Joint Comprehensive Plan of Action (JCPOA), som har hatt som mål å avgrense utviklinga av Irans atomprogram. Den har også vore viktig i andre samanhengar som i klimaforhandlingar og i forholdet til Nord-Korea, og grupperinga har vore foreslått som eit mogleg format for eit europeisk tryggingsråd.

Men sjølv om denne uformelle utanrikspolitiske koordineringa har vore oppsiktsvekkjande solid, så har ho likevel ikkje utvikla seg til eit varig samarbeid. Formatet blei heller ikkje aktivert under Ukrainakonflikten, då Frankrike i staden initierte det såkalla Normandie-formatet som Storbritannia ikkje var ein del av. Brexit har også skapt ytterlegare uvisse rundt Storbritannias framtidige rolle i europeisk utanrikspolitikk. Spørsmålet er likevel om E3-formatet igjen vil spele ei viktig rolle i tida framover, eller om Brexit på mange måtar var dødsstøyten til grupperinga.

Dette skal Richard G. Whitman snakke om når han besøkjer NUPI 24. februar. Han er direktør for Global Europe Centre og professor i politikk og internasjonale relasjonar ved University of Kent. Whitman er også tilknytta, og tildligere leiar for, Europaprogrammet ved Royal Institute of International Affairs (Chatham House). Whitmans forskingsinteresser inkluderer Brexit og framtidig utanriks- og tryggingspolitikk i Storbritannia og EU.

Arrangementet er ein del av seminarserien Noreg møter Europa, og blir leidd av NUPI-forskar Pernille Rieker.

Seminaret varer frå 10.00 til 11.30 og blir strøymde direkte til NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Richard G. Whitman
Direktør for Global Europe Centre og professor i politikk og internasjonale relasjoner ved University of Kent
23 februar 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt