Vi serverer frukost frå 08.05!

Kina har lang tradisjon for utviklingsstøtte, ikkje minst i mange afrikanske land. Fleire tiår med robust økonomisk vekst, auke i bistand, lån og utadgående investeringar, har gjort Kina til ein leiande økonomisk aktør i mange utviklingsland.

Kina er ein aktiv deltakar i FNs berekraftsdagsorden og støttar opp om internasjonalt samarbeid, samtidig som Kina fremjar sine eigne utviklingsinteresser og prinsipp.

I 2018 etablerte Kina eit nytt utviklingsdirektorat, China International Development Cooperation Agency, og signaliserte med det eit sterkare fokus på internasjonal bistand of utvikling. Inneber det også endringar i kinesisk utviklingspolitikk, og korleis reagerer afrikanske partnarar og andre sterke utviklingsaktørar som Noreg?

Dette arrangementet er del av eit større SDG-prosjekt som er finansiert av Utanriksdepartementet.

Seminaret blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal: