Det bestialske drapet på læraren Samuel Paty sjokkerte Europa og sette atter ein gong terrorisme og kontraterrorisme høgt på dagsordenen. Den siste bølgja av terrorangrep illustrerer at trusselen frå valdelege ekstremistar er reell og svært utfordrande å handtere, og i mange land har angrepa utløyst diskusjonar omkring grunnleggjande spørsmål knytt til ytringsfridom, religionsfridom, sekularisme og samfunnstryggleik generelt. Drapet på Paty har også gitt næring til den såkalla karikaturstriden som blussa opp igjen i samband med Charlie Hebdo-rettsaken og magasinets republisering av fleire karikaturteikningar.

Gjekk du glipp av dette webinaret? Sjå det her:

I Frankrike har president Emmanuel Macron lansert fleire forslag meint å styrkje fransk sekularisme ytterlegare og dermed stagge den han kallar «islamsk separatisme». Initiativa er del av større og høglydt debatt omkring plassen til religionen i det sekulære Frankrike. Macron har også tatt til orde for endå tettare antiterrorsamarbeid internt i EU.

Kva kjenneteiknar terrortrusselen i Frankrike? Korleis reagerer det franske ytret høgre på spenningane i samfunnet? Og korleis blir utfordringane tolka, framstilt og handtert av franske styresmakter?

For å klargjere dei ulike aspekta ved den spente situasjonen i Frankrike har Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet, i samarbeid med TERRA-prosjektet ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og NUPIs Europa-seminarserie, invitert Petter Nesser, Pietro Gattinara og Pernille Rieker.